Lokal | 03. juli 2017

Får ikkje permanent uteservering

Irish Cat AS, som eig og driv Catten på Osøyro, får ikkje permanent uteservering. Klagar på vedtaket.

Får ikkje permanent uteservering
Bjarte Andersen har klaga på vedtaket som seier at han ikkje får permanent uteservering (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 03. juli 2017 12:36

Midtsiden skreiv i slutten av juni om Catten som ønskja seg permanent uteservering på gateplan, slik som fleire andre utestader har fått den siste tida.

No har kommunen kome fram til at dei ikkje vil gje eit slik løyve.

– Os kommune har etter ei konkret heilhetsvurdering komme fram til at skjenkeløyve for permanent uteservering ikkje kan innvilgast, heiter det i brevet datert 27. juni.

Vil kunne vera sjenerande

I grunngjevinga for avslaget peiker kommunen mellom anna på at Catten er ein nattklubb.

– Det er i vurderinga lagt vekt på at Irish Cat i dag har nattklubbløyve, og at skjenkestadens primære konsept difor er knytta til dans, musikk og alkoholservering. Os kommune finn ikkje at skjenkestadens karakter er foreneleg med behovet for å ha uteservering. Herunder leggjast det også vekt på hensynet til lokalmiljøet for øvrig, og at det er grunn til å anta at uteservering, som omsøkt, vil kunne vera sjenerande for bebuare i Os sentrum med tanke på støynivå.

Vil gje konkurransemessig ulempe

Kommunen har i avslaget vurderte at det ikkje er like naturleg at Catten får uteservering på gateplan, då dei held til i andre etasje. Hadde dei lagt i første, ville det kunne vore meir naturleg.

– Os kommune finn også grunn til å leggje vekt på at det omsøkte uteområdet, slik det fremgår av vedlagt skisse, er lokalisert foran Orion Restaurant, som har lokaler i byggets første etasje. Av næringspolitiske hensyn er det ikkje ønskeleg å la Irish Cat etablerer permanent uteservering på dette området, då dette vil gi ei konkurransemessig ulempe for Orion Restaurant, heiter det i avslaget.

Kommuen gjer merksam på at Irish Cat AS står fritt til å søkje om utvida skjenkeområde i samband med enkeltarrangement, som er meir i tråd med Catten sin karakter.

Har klaga på vedtaket

Bjarte Andersen, innhavar og drivar av Catten forstår lite av argumentasjonen frå kommunen si side.

– Vi ligg jo midt i løypa mellom Havnechefen, Hannes, Engeline og Isushi. Kva er forskjellen på oss og dei andre, som får lov til å skjenka ute til klokka 01. Vi ligg jo i same området alle saman.

– Når det gjeld konkurransemessig ulempe for Orion, så kan vi heilt fint leva side om side. Dei kan på eine sida av døra, så kan vi skjena på den andre sida av døra.

– Eg sendte i går ei klage på vedtaket, så får vi sjå kva som skjer. Om det blir naudsynt så er eg innstilt på å klaga den vidare til fylkesmannen, seier Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.