Lokal | 16. feb. 2017

Får ikkje tak i logopedar

Mangel på logopedar gjer at PPT ikkje klarer å levere den hjelpa dei skal.

Får ikkje tak i logopedar
Kommunen får ikkje tak i nok logopedar til å jobba i barnehagane (ill.foto: KVB)
Andris Hamretorsdag 16. feb. 2017 08:17

I tenesteutvalet onsdag orienterte PPT-leiar Ingrid Askvik om ståa på området og at dei ikkje klarer å gjennomføre alle dei timane barnehagebarn som treng hjelp har fått tildelt.

– Vi har ikkje lov til å ha venteliste, og det har vi ikkje heller, men vi har veldig mange restansetimar. Har eit barn fått tildelt 100 timar i året, så har vi berre hatt kapasitet til å utføra 70, eksemplifiserte Askvik.

Vil ikkje jobba i barnehage

Grunnen til at dei ikkje klarar å gje det heile og fulle tilbodet er at dei ikkje klarar å få tak i nok logopedar.

– Rekrutteringa dei siste åra har vore mildt sagt krevande. Det er få erfarne fagfolk som søkjer seg til førstelinjen. Logopedane er nesten borte frå marknaden. Dei som blir utdanna i dag rettar seg mot rehabilitering og sjukehus. Det er det som er attraktivt, ikkje å jobba på gulvet i ein barnehage. Dei få som vågar seg mot førstelinjen er anten nettopp ferdig med, eller held på med, masteren sin, forklarte Askvik.

Headhuntar og leiger inn

For å få ei løysing på det lånar og leiger kommunane logopedar frå kvarandre.

– VI har òg leigd inn privatpraktiserande spesialpedagogar og logopedar. Vi er òg aktive ute i marknaden og freister å headhunta dei vi kan.

– Finst det logopedar og spesialpedagogar i Fusa? Vi skal jo slå oss saman med dei, så vi kunne jo starta samarbeidet allereie, kommenterte og undra Eirik Andre Hesthamar (Frp).

– Fusa hadde ein logoped, men den har vi tatt. Ho blei headhunta.

Er konkurransedyktige

– Eg opplever den endringa de har gjort med opprettinga av det pedagogiske fagsenteret som veldig positivt, men er litt uroa for restansetimane. Kan du seie noko meir om kva de har behov for. Er det for få stillingar til å gjera jobben, lurte Gisle Hesjedal (Ap).

– Eg er nesten sikker på at vi ikkje kjem i mål med null i restansetimar på alle vedtak. Om henvisingane fortset å auke med det vanskebilete vi ser i dag, så har vi ikkje nok ressursar, svara Askvik.

– Ei av utfordringane er å få rekruttert den rette kompetansen. Det handlar ikkje berre om at vi stiller lønsmidler til disposisjon, det handlar om å få inn den rette. Det har virkeleg vore prøvd mange løysingar for å få tak i denne kompetansen, supplerte kommunalsjef Line Rye.

– Er det stor forskjell på lønn til logopedar og spesialpedagogar mellom kommunane. Lønsmessig kor langt opp er vi villige til å gå, kva er den største bøygen, undra Ingrid Netland (Sp).

– Per i dag er det barn med alvorlege språkvanskar som er det største problemet. Vi har eit lønsnivå som er konkurransedyktig, men problemet er at førstelinjearbeid ikkje er attraktivt samenlikna med det man finn i helseforetaka. Det arbeidet har ein anna karakter og er meir in ennå søka seg til utearbeid i barnehagane, svara Askvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.