Lokal | 16. sep. 2017

Får ikkje utvida kryss

Lunde barneskule • Vegvesenet vil ikkje utvida kryss på E39.

Får ikkje utvida kryss
Det er ikkje aktuelt å utvida krysset på E39 ved Lunde/Lekven for å laga eit avkøyringsfelt (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 16. sep. 2017 07:50

I formannskapet denne veka stilte politikarane to spørsmål knytt til Lunde barneskule i det politiske kvarteret.

– Er det planar om å laga eit avkøyringsfelt på E39 i krysset til Lunde/Lekven no når barneskulen har blitt kraftig utvida, undra Eirik André Hesthamar (Frp).

– Det gjeld hc-plassene på nedsiden av skulen. Der har det kome to plassar, men det er ikkje mogleg å koma seg derfrå til skulen med rullestol på grunn av kantsteiner som er satt opp heile vegen, kommenterte Helge Steinum (Ap).

Ikkje aktuelt

Kommunalsjef for samfunnsutvikling Aina Tjosås fortalde at det var lite håp om å få gjort noko på E39.

– Vi hadde spørsmålet oppe i Plan- og bygningsutvalet i fjor og sendte brev til vegvesenet som vi fekk svar på i desember 2016. Svaret var enkelt. Det er ikkje aktuelt. Grunnen er at det ikkje ligg inne i regional transportplan. Det må inn der om det skal gjerast. I tillegg vil det vera ein omfattande jobb fordi det er dårlege grunnforhold der oppe.

Skal bli universell utforming

Om kommunalsjefen hadde dårleg nytt om E39, så hadde prosjektsjef Halvor Hanevik betre nytt angåande handicap-parkeringa.

– Krav om universell utforming er tatt i vare med den andre inngangen til skulen, kor det også er lettare tilgang til heis. Men det skal bli ny rampe og fortau som skal ivareta det også frå parkeringa. Det må berre bli behandla og godkjennes i kommunestyret først. Alt er planlagt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.