KREAM | 09. mars 2015

Får internasjonal merksemd

Brørne Daniel og Markus Slettebakken frå Os har fått ein ny hobby. No kan det bli butikk av musikken deira.

Får internasjonal merksemd
Brørne Daniel (øvst) og Markus Slettebakken utgjer KREAM, som no miksar blant andre Tove Lo. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. mars 2015 20:47

Daniel Slettebakken har vore noregsmeister, tatt 2. plass i nordisk og kome på 7. plass i VM i vassjet. Veslebror Markus var noregsmeister som junior og har 3. plass i EM som beste resultat.

Dei siste åra har brørne frå Askvik halde seg mest på land, men dei får også internasjonal merksemd for sin noko nyare hobby.

Bak namnet KREAM har Daniel og Markus remixa fleire kjente låtar, på Soundcloud finn du samlinga deira, som til saman er spelt over 2 millionar gongar.

Tove Lo tok kontakt

Brørne har allereie produsert for den nye, svenske stjerna Tove Lo, som song på Skavlan fredag, og deira remix av Kygo sin Firestone blir (saman med Maya frå Os) nemnt av MTV som ein av dei mest spennande rytmane frå Noreg for tida.

Tove Lo, som platedebuterte i 2014, står for den høgaste svenske plasseringa på Billboard på 20 år, og bak det VG meiner er ein av dei 10 beste internasjonale låtane i 2014.

– Vi hadde laga ein remix av Tove Lo sin Talking Body i haust. Rett før jul tok manager hennar kontakt og ville gjera remixen vår offisiell, så no er den publisert via Universal, fortel Markus.

– Nyleg blei vi også kontakta av ein britisk artist som er kjent for dei aller fleste, med spørsmål om vi vil produsera for vedkomane, seier Daniel, som førebels ikkje vil røpa kven vedkomande er.

Sjølvlærte studentar

Verken Daniel eller Markus bur for tida i Os. Daniel har sidan 2013 studert økonomi og finans ved Copenhagen Business School, Markus bur i Kristiansand og studerer musikk ved Universitetet i Agder.

– Eg har, så lenge eg kan hugsa, vore interessert i musikk. Som 12-åring byrja eg å prøva meg fram med eit enkelt mikseprogram på pc-en. Alt eg kan har eg lært via Youtube, fortel Daniel.

Markus har følgt storebror sine fotspor også på land, og dei to har lært av kvarandre fram til yngste Slettebakken no tar ei formell utdanning innan interesseområdet.

Lager også eigne låtar

Daniel fortel om ein krevjande skule i København.

– Men eg prøver å bruka mest mogleg tid på musikk. All fritid utanom skulen går med til å miksa.

Markus seier at sjølv om dei to bur i kvar sin by, så jobbar dei saman, miksar på låtar og lastar opp lydspora på Dropbox for å dela med kvarandre. Diskusjonane blir tatt på Skype.

– Begge seier klart ifrå kva dei synes om den andre sin miks og vi legg ikkje noko ut før begge er einig, seier Markus.

KREAM har i hovudsak remixa andre sin musikk, men jobbar også med å produsera originalar.

– Eg har fleire gode lærarar og medelevar i Kristiansand, og vi jobbar med nokre vokalistar som kan bidra på musikken vår, fortel Markus.

Når dei to no har byrja å få merksemd av etablerte musikarar kan hobbyen fort bli noko meir.

– Vi trivst godt med å ha dette som hobby. Men det har skjedd veldig mykje dei siste månadane, så det blir spennande å sjå korleis det utviklar seg vidare, seier Daniel Slettebakken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.