Sport | 06. feb. 2018

Får ny assistenttrenar

Lysekloster er utan assistent, i Os overtar Sperrevik etter Brenne.

Får ny assistenttrenar
Her set Tim Henrik inn sitt 20. mål for sesongen, i opprykkskamp mot Austevoll i 2009. Etter 2010-sesongen la han opp, i 2011 blei han trenar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. feb. 2018 21:47

Då Os sitt nye trenarteam blei presentert var dagleg leiar og høgreback Endre Brenne med som spelande assistenttrenar. No har Brenne tredd til sida.

– Dagleg leiar-rolla krev rett og slett for mykje. Eg kjem til å vera med i trenarapparatet, som diskusjonspartnar, slik eg var under El Fakiri og Håland, men har for mange andre oppgåver til at eg klarer å fungera som ein fullverdig assistenttrenar, seier Endre til Midtsiden.

God fartstid som spelar og trenar

Inn for Endre Brenne kjem Tim Henrik Sperrevik. Sperrevik har lang fartstid som spelar og var toppskårar i 3 av dei 5 siste sesongane før han etter 2010 la opp. I opprykkssesongen 2009 skåra han 20 mål, eitt av dei i den avgjerande opprykkskampen mot Austevoll.

Han gjekk direkte vidare inn i trenarrolla, først for G16 i 2011, så overtok han A-laget året etter. I 2011, for ein klubb på sparebluss økonomisk, låg Os på 2. plass til sommarferien. Hausten blei det for mange tap til at håpet om comeback i 2. divisjon kunne halda seg.

Tim Henrik tok UEFA B-lisens i 2011.

– Hadde sett fram til eit friår

– Eg har halde kontakten med Timmen sidan vi spelte saman i 2010. Det blir kjekt å få han som assistenttrenar, seier Brenne.

– Med oss har vi òg tidlegare Fana-trenar Per Hilmar Nybø. Han hjelper spesielt til med siste tredel av banen, på fleire lag i klubben, og er på feltet med oss éin dag i veka.

I fjor var Sperrevik med og trente Os G16.

– Klubben har no fått inn nye ressursar rundt laget, med Ørjan Sandal i spissen. At eg skulle bli assistent for A-laget var ikkje planlagt, eg såg i grunnen fram til eit år utan trenaransvar, seier Tim og ler.

Då spørsmålet kom, om han kunne vera med i alle fall to gongar i veka, for å avlasta Kvile og Brenne på den praktiske gjennomføringa av økta, fekk han litt å tenkja på.

– Etter å ha tatt opp dette heime takka eg likevel ja til å vera med, men det blir desse to kveldane i veka, og rundt kamp når den tid kjem. Det er kjekt å bidra og ein fin gjeng å ha i trening, synest Sperrevik.

Lysekloster ser etter assistent

I Lysefjorden har Ruben Hetlevik mista Børge Haugsdal, som i år er hovudtrenar for Os-motstandar denne sesongen, Telavåg.

– Han har førebels ikkje blitt erstatta, seier Ruben Hetlevik.

Til no har keepertrenar Ketil Elvenes og lagleiar Arne Hitland steppa opp og hjelpt ekstra til på feltet, men det er meininga at Haugsdal skal erstattast.

– Det er viktigare at vi får inn rett mann enn at vi får inn nokon. Det har vore nokre kandidatar innom, men vi ser framleis etter nokon som både har noko å bidra med, og som har tid til å følgja det ganske tette løpet vi køyrer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.