Lokal | 14. feb. 2016

Far og son satsar saman

Då rørleggar Daniel Titlestad fekk lyst å starta for seg sjølv inviterte han pappa Jan-Inge sitt firma til «fusjon».

Far og son satsar saman
Far og son Titlestad er godt i gang i nytt firma. Jan-Inge er nøgd med val av kjede og viser stolt fram ryggen på genseren. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. feb. 2016 09:37

Daniel Titlestad (22) har rørleggar-gener på både mor og far si side, og er 4. generasjon rørleggar.

– Då eg byrja på bygg og anlegg så visste eg ikkje kva retning eg ville ta, seier Daniel.

– Sjølv om eg har hatt han med meg på jobb sidan han var liten, og han faktisk var til god hjelp mange av dei første ungdomsåra, anbefalte eg han faktisk å velja eit anna fag, seier pappa Jan-Inge Røneid Titlestad.

– Eg veit kor travelt det kan vera, det å legga ein plan, men så kjem serviceoppdrag innimellom som gjer at planen blir endra. Nokon blir nøgd, andre står og ventar, det er eit hektisk yrke, forklarer han.

Store og spesielle prosjekt

Jan-Inge har jobba som rørleggar sidan han byrja som lærling hos sin tidlegare svigerfar i 1993. Daniel har vore lærling i både Os og Bergen og tok fagprøven for to år sidan.

– Eg fekk vera med på mykje i læretida, frå store oppdrag på Haukeland sjukehus til bygging av kjøleanlegg på Mongstad, fortel Daniel.

– I ein periode med sjukmelding på kontoret i firmaet eg jobba for i Arna fekk eg òg erfaring frå det administrative. Eg fekk lyst å byrja for meg sjølv og eg ville gje far ein sjanse å vera med.

– Skal slutta å masa

Pappa-Titlestad har meisterbrev og har drive for seg sjølv dei siste 13 åra.

– «Viss ikkje du blir med så startar eg opp åleine», sa Daniel. Det er klart eg ville vera med, seier Jan-Inge.

Far og son eig no 50 prosent kvar i nyetablerte Rørlegger Titlestad AS.

– Korleis er det å jobba med far?

– Det er heilt greit, det, seier Daniel, mens pappa byrjar å le.

– Eg får heile tida høyra at eg maser for mykje, og det stemmer. Det viser seg dessverre at det er andre måtar å gjera ting på enn akkurat den måten eg er vant med. Eg held på å øva på å klappa igjen, seier Jan_inge og ler litt til.

Del av ein stor kjede

Det nystifta rørleggarselskapet har lager og base i Lepsøyvegen, men har ingen plan om å opna butikk, slik fleire andre rørleggarar i Os har gjort.

– Men vi sel alt frå badekar og dusj til møblar og teknisk utstyr. Vi er veldig nøgd med at vi har blitt del av Rørkjøp, med 360 medlemmar er vi den største kjeda i Noreg, med nettbutikk som har stort utval av kjente varemerker.

– Dei har òg eit velsmurd system for både kursing, kvalitetskontroll og dokumentasjon, viktige verktøy for oss i byggebransjen.

Far og son er allereie godt i gang i det nye selskapet, med to nydekorerte bilar og jobb med blant anna to einebustadar under oppføring og fleire serviceoppdrag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.