Lokal | 23. mai 2015

Får stell og pleie

– Tilstanden til «Hamnesjefen» er forbausande bra, seier veterinær Eva-Kristin Lunde.

Får stell og pleie
Bandasjeskift på «Hamnesjefen» fredag kveld. (Foto: Osøyro Dyreklinikk)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. mai 2015 07:07

Bildeserie:

I dette skuret tar Sølvi Bugge og Gro Fjeldtvedt seg av Hamnesjefen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I dette skuret tar Sølvi Bugge og Gro Fjeldtvedt seg av Hamnesjefen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Han et heldigvis godt, seier Sølvi.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Han et heldigvis godt, seier Sølvi. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Det ser forbausande bra ut, seier Eva-Kristin Lunde. (Foto: Osøyro Dyreklinikk)
– Det ser forbausande bra ut, seier Eva-Kristin Lunde. (Foto: Osøyro Dyreklinikk)
Med ny bandasje. (Foto: Osøyro Dyreklinikk)
Med ny bandasje. (Foto: Osøyro Dyreklinikk)
I mellomtida er svanemor åleine med egga på motsett side av elva.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I mellomtida er svanemor åleine med egga på motsett side av elva. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5

Tysdag ettermiddag blei knoppsvanehannen i Oselvo funnen med ope brot i foten, liggande nær reiret på austbredden av Oselvo.

Os kommune sponsar nødvendig veterinærhjelp og onsdag blei «Hamnesjefen» operert ved Osøyro Dyreklinikk.

Veterinær Eva-Kristin Lunde var ikkje optimist etter operasjonen, men etter inspeksjon fredag kveld ser det lysare ut.

– Det som er mest spennande no er om antibiotikaen fungerer, at han unngår infeksjon, det kan vera farleg for han.

– No har vi hatt av bandasjen og såra ser forbausande bra ut, seier Lunde.

Foten har no fått ein stivare bandasje og får tilsyn gjennom helga.

Får pleie på kaien

To frivillige privatpersonar, Gro Fjeldtvedt og svanebokforfattar Sølvi Bugge, har tatt med seg svana til eit skur på ein kai på motsett side av reiret. For å avlasta dyreklinikken.

– Gro bur her og eg jobbar i etasjen over, seier Sølvi.

– Vi ser til han morgon og kveld, og nesten annakvar time gjennom dagen, men utan å uroa han for mykje.

Brød er bra, men «sjukepleiarane» har prøvd å få i han noko meir næringsrikt.

– Vi har fått noko hønsefôr, men det var han ikkje så interessert i. Men han får i seg mykje gras, heldigvis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.