Lokal | 08. feb. 2016

Får truleg nattklubb-løyve

Solsiden får truleg halda fram som nattklubb. Torsdag i neste veke avgjer politikarane framtida til den populære uteplassen.

Får truleg nattklubb-løyve
Solsiden får truleg endra bruksløyve frå restaurant til nattklubb (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 08. feb. 2016 13:21

I sitt møte 12. november i fjor støtta Plan- og bygingsutvalet administrasjonen si innstilling om at Solsiden skulle få endra bruksløyve frå restaurant til nattklubb, men ikkje før eit uavhengig føretak med ansvarsrett hadde gjennomført uavhengig kontroll av prosjektering for lyd og vibrasjonar og at det hadde blitt dokumentert at støykrav etter teknisk forskrift var stette ved «normal drift».

Både Solsiden og naboane i Irisgården gjennom Irisgården Velforening påklaga vedtaket.

Endrar innstillinga

Torsdag 18. februar får plan- og bygningsutvalet saka til handsaming på nytt, denne gong med eit justert vedtak kor ein godkjennar bruksendringa på følgjande vilkår:

1. Føresetnadene for støyvurderinga til Sweco AS i frå 2013 skal gjennomførast i tiltaket. Løyvet føreset såleis bruk av same type musikkanlegg som vart nytta ved lydmålinga, bruk av limiter osv.
2. Vindauga i lokalet skal ikkje kunne opnast.
3. Løyvet gir ikkje høve til å spele musikk utandørs i strid med gjeldande politivedtekter.
4. Løyvet føresett at naudsynte løyver etter folkehelselova vert gitt.

Administrasjonen meiner at ein i vedtaket har tatt omsyn til merknadene frå naboar og dei opplysningane som er gitt i saka.

I førebuingane til saka har byggjesaksavdelinga vore i kontakt med Sweco og Multiconsult, som båe vurderar at støy frå gjester ikkje skal reknast med etter gjeldande krav. Skulle dei ha blitt det, måtte dei ha blitt rekna som ei «utomhus støykilde» etter TEK 10 § 13-9, noko Direktoratet for byggkvalitet har uttalt at støy frå gjester på ein uteservering ikkje er.

Har hatt ein grei dialog

Tor André Sagstad, eigar og drivar av Solsiden hadde ikkje fått med seg det nye framlegget til vedtak då Midtsiden tok kontakt måndag førmiddag.

– Eg hadde trudd eg ville ha blitt kontakta. Det var nemleg snakk om ei befaring og ei gjennomgang av saka før den skulle til politisk handsaming.

– Samstundes opplever eg at dialogen med kommunen har vore grei. Vi har forsøkt å finna gode løysingar, så no håper eg vi kan setta strek og forholde oss til det som blir vedteken, seier Sagstad etter å ha fått framlegget til vedtak lest opp.

Uklart om bakgrunnsmusikk

Kravet om at vindauga skal vera stengde og at musikkanlegget skal ha begrensingar med ein limitar (som hindrar høgre lyd enn fastsatt grense, journ.mrk) ser ikkje Sagstad på som noko problem. Litt meir undrande stiller han seg til kravet om at det ikkje blir høve til å spele musikk utandørs i strid med gjeldande politivedtekter.

– Kva tyder det? Det er jo vanleg at uteserveringar, både i Os og andre plassar får lov til å ha bakgrunnsmusikk, eller som i vårt tilfelle TV-lyd fram til klokka 22 om kvelden. Det er viktig at vi alle blir handsama likt.

– Om det ikkje står meir presisert i saka får eg ta ein prat med politiet og høyre korleis dei tolkar politivedtektene, avsluttar Sagstad.

Kommuneoverlegen har i saka fatta eit separat vedtak etter folkehelseloven om at det skal gjennomførast støymålingar og at tiltak ved for høge støymålingar skal gjennomførast. Dette vedtaket er påklaga og ligg no til handsaming hjå fylkesmannen i Hordaland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.