Lokal | 30. apr. 2016

Fargerikt vårslepp

Mykje folk, god stemning men og eit alvorleg bakteppe prega Vårsleppet på Os laurdag.

Fargerikt vårslepp
Cheerleaderane frå Os stilte med ansiktsmaling på Vårsleppet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 30. apr. 2016 16:15

Bildeserie:

Os Turn Handball stilte med eigen kafé (foto: AH)
Os Turn Handball stilte med eigen kafé (foto: AH)
Og laser for å måla skuddstyrken (foto: AH)
Og laser for å måla skuddstyrken (foto: AH)
Hoppeslottet til Lille Ballong var populært (foto: AH)
Hoppeslottet til Lille Ballong var populært (foto: AH)
Med fleire spektakulære hopp (foto: AH)
Med fleire spektakulære hopp (foto: AH)
Eva Størksen har starta Evas mat med importerte varer frå Middelhavsområdet (foto: AH)
Eva Størksen har starta Evas mat med importerte varer frå Middelhavsområdet (foto: AH)
Vårsleppet var godt besøkt (foto: AH)
Vårsleppet var godt besøkt (foto: AH)
1 av 6
Os Turn Handball stilte med eigen kafé (foto: AH)
Og laser for å måla skuddstyrken (foto: AH)
Hoppeslottet til Lille Ballong var populært (foto: AH)
Med fleire spektakulære hopp (foto: AH)
Eva Størksen har starta Evas mat med importerte varer frå Middelhavsområdet (foto: AH)
Vårsleppet var godt besøkt (foto: AH)

Laurdag inviterte Os sentrum til det årvisse vårsleppet på Osøyro med stands, frivillige lag, moteshow og aktiviteter.

Trass kollisjon med Bergen City Maraton, Ulvenmarknad og fleire konfirmasjonar blei arrangementet ein sukess med mykje folk.

– Vi har vore heldige med vêret og det er godt besøk. Så dette er vi nøgd med, fortalde sentrumsleiar Geir Amundsen i det som var hans siste vårslepp.

Blant utstillarane fann ein ei rekkje heimespøta produkt, men òg varer med litt lengre reiseveg.

– Eg smakte denne olivenoljen første gong i New York og tykte den var utruleg god. Eg ba servitrisa om å få vite kor den kom frå og det fekk eg. Tidlegare i vinter var vi nede og vitja olivenlunden og fekk agenturet i Noreg, fortel Eva Størksen Pärnefelt i Evas Mat som stilte med varer frå Middelhavsområdet på vårsleppet.

Starta andesleppet

Ei av dei største marknadsplassene var det Os Turn handball som sto for. I tillegg til heimebakte kaker, vafler, kaffe og saft bydde handballspelarane på aktiviteter som lasermåling av kor hard du kan kasta og nytta høve til å starte salet av lodd til det etterkvart så tradisjonsrike andeløpet i Oselvo.

– Årets løp i Oselvo er 27. august. Det er berre å adoptere ei and, oppfordra arrangørane.

Stilig moteshow

Tove Tvedt Skarstein hos Madam Ane var primus motor for motevisning.

På catwalken hadde Tvedt Skarstein fått med ei rekkje lokale kjendisar som varaordførar Marie Bruarøy, kultursjef Lisbeth Axelsen og dei to forfattarane Sunniva Storebø og Bente Bratlund, som begge lot publikum få del i eitt av dikta deira.

Motevisninga blei rett nok prega av dei alvorlege hendingane bygda har vore prega av den siste veka. Ordførar Terje Søviknes held minneord og oppfordra til eitt minutts stillhet etter drapet på Trude Brenna Aasen og dei 13 som døydde i helikopterstyrten på Turøy fredag, kor to av dei avdøydde er frå Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.