Lokal | 21. apr. 2015

Farleg leik på Halhjemsvegen

To ungar kasta kosebamsar ut på E39 for å springa ut og henta dei igjen.

Farleg leik på Halhjemsvegen
Her ved krysset mellom Halhjemsvegen og Lekven og Lunde skal to ungar ha leika langs vegen måndag ettermiddag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. apr. 2015 07:51

Måndag i 17.30-tida fekk politiet melding frå ein bilist som var uroa for nokre ungar som leika langs og på E39 Halhjemsvegen.

– Det skal ha vore ein gut og ei jente som såg ut som om dei var 6-7 år gamle, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

– I tillegg til at dei gjekk langs vegen skal dei ha kasta nokre bamsar ut i vegen for så å henta dei igjen.

– Håper nokon tok ein prat med dei

Episoden fann stad i Lekven-Lunde-området, i 70-sona på E39.

– Eg håper nokon av dei som kjørte bil i området stoppa og tok ein prat med ungane.

– Foreldre som mistenker at det kan vera deira born det er snakk om bør naturlegvis også ta ein prat om trafikktryggleik med ungane, og kanskje følgja dei neste gong dei skal ut og gå i dette området.

Trafikkontroll på Søfteland

Måndag hadde politiet også trafikkontroll i Hjellemarka på E39 Byvegen.

Av 52 kontrollerte bilar blei det eitt gebyr. Vedkomande hadde gløymt å ta med førarkortet sitt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.