Kultur | 20. aug. 2014

Fart med drakar og bilar

Det blir luftige svev med drakar og villmannskøyring langs norske vegar når det søndag er kino i Os igjen.

Fart med drakar og bilar
Dragetreneren 2 (Foto/Copyright: Fox Film) og Børning (Foto/Copyright: Foto: Erik Aavatsmark/ Filmkameratene & SF Norge)
Kari M. Lyssandonsdag 20. aug. 2014 06:21

Bygdekinoen er blitt eit fast innslag i Oseana annakvar sundag med filmar for både små og store kinogjengarar.

På søndag startar haustsesongen med animasjonsfilmen Dragetrenaren 2 og den norske ungdomsfilmen Børning på plakaten.

Dragetrenaren 2

For fem år sidan klarte Hikken og draken Tannlaus å foreina drakar og vikingar etter å ha vore i kamp mot kvarandre. No lever drakar og vikingar saman og har det travelt med å utfordra kvarandre i drake-race, som er den nye populære sporten på øya deira, Borkøy.

Medan alle andre har det travelt med å utfordra kvarandre i favorittsporten, dreg Hikken og Tannlaus ut på lange flyturar og utforskar nye og spanande stadar.

Då dei på eit av sine eventyr oppdagar ei hemmeleg ishole som husar hundrevis av ville drakar, og ein mystisk Drageryttar, endar dei midt i ein kamp om å oppretthalda freden.

Filmen startar klokka 16.00, varer i 1t 41min og har 7 år som aldersgrense.

Børning

Børning er den første bilfilmen frå Noreg, og handlar om ein bilgal mann ved namn Roy. Han bryr seg kun om sjappa si "Stallion Parts" og å fiksa på Ford Mustangen sin "Lillegul" som han køyrer løp med på fritida.

Når dottera hans Nina, som bur saman med mora langt frå Roy si verd, kjem på uventa feriebesøk til Roy oppstår det ein konflikt. Dottera er i vegen og det eineste han har oppført i kalenderen er billøpet "Street legal".

Roy vinn ikkje løpet og endar opp med å bli utfordra av erkerivalen sin TT til eit billøp frå Oslo til Nordkapp. Førstemann til Nordkapp vinn, ellers er det ingen andre reglar.

Kompisane til Roy, Nybakken (Jespersen) og Doffen (Nordin), følger etter, og det same gjer Roy sin kjærast Sylvia. Og som blindpassasjer følger Roy si datter også med.

Skodespelarar: Anders Baasmo Christiansen, Jenny Skavlan, Otto Jespersen og Sven Nordin.

Filmen startar klokka 19.00, varer i 1t 32 min og er utan aldersgrense.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.