Næringsliv | 24. apr. 2015

Fartsfylt vårslepp

Har du lyst å prøva Segway er Os sentrum den rette plassen laurdag. – I samband med vårsleppet stenger vi Landboden for Segway-køyring, seier Geir Amundsen.

Fartsfylt vårslepp
Nestleiar i styret for Os sentrum, Paul Hans Sælen, gler seg til å presentere dei siste modellane av grasklypparar og anna utstyr laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 24. apr. 2015 08:59

Det tradisjonsrike vårsleppet i Os sentrum lar seg ikkje stoppa av meldingane om nokre regndropar laurdag.

– Vêret er ein av dei tinga vi ikkje kan gjera noko med.

– Det er meldt nokre dropar regn, men ikkje meir enn det osingane tåler.

– Vi berre gassar på, seier ein entusiastisk leiar for Os sentrum, Geir Amundsen.

Leig Segway

Og nettopp gass er det sentrumsforeninga har å by på denne gangen.

– Årets store nyvinning er at Bergen Segway kjem med sine doningar.

– I Landboden kan osingane få testa tohjulingane.

– I tillegg planlegg dei ein rundtur i sentrumsområdet, men der har eg ikkje heilt oversikten over ruta enno. Det er berre å stilla på Osøyro laurdag, så får ein meir informasjon.

Alternativ transport

Det er ikkje berre segwayar som blir eksempler på alternativ transport laurdag.

– Elsyklar er i stadig vekst om dagen. Det å sleppa å tråkka heile bakken sjølv, men å få litt hjelp av ein liten elektrisk motor er noko stadig fleire set pris på.

– Vi får vitjing av ein utstillar som har med seg både elsyklar og cross-syklar.

– I tillegg er det fleire som kjem med el-bilar og andre bilar, fortel Amundsen.

Mote, musikk og mat

Av dei meir tradisjonelle aktivitetane på vårsleppet nemner Amundsen moteshow, stands frå butikkane, frivillige lag og kunsthandverkarar og ikkje minst moglegheiten til å få seg eit godt måltid.

– Engeline flyttar ut og bort på torget kor dei serverar burgar og andre godsaker frå restauranten.

– Tove på Madam Ane drar i gang moteshow på scenen og Kristoffer Hjertholm med vener held konsert.

– I tillegg vil ungdommane i Join Us synga.

– Det kjem til å bli ein fartsfylt og triveleg laurdag i sentrum, lovar Amundsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.