Sverre Lunde Pedersen missa i nest siste sving på 1500 meteren (arkivfoto: Nanco Hoogstad)

Feilskjer øydela for Sverre

I nest siste sving brast Sverre sitt håp om medalje på 1500-meteren.

Av: Andris Hamre

I det siste paret gjekk Sverre Lunde Pedersen mot Joey Mantia frå USA. Dei to hadde fordelen av å gå på tidene til dei 33 løperane som hadde gått før. Med Denis Juskov frå Russland ute på grunn av dopingbråket rundt det russiske laget var Sverre, Kjeld Nuis (14. par) frå Nederland og nettopp parkamerat Joey Mantia tippa som gullkandidater på førehand.

Nuis opna i eit forrykande tempo med 23.22 på dei første 300 meterane før han gjekk dei to neste rundene på 25,0 (!) og 26,6.

– Det er heilt ekstremt det han gjer. Det er eit utruleg løp, men han er fryktelig sliten på siste runden, kommenterte ekspertkommentator Mikael Flygind Larsen på Eurosport. 

Nuis gjekk inn til soleklar leiing 1.44.01.

– Då veit dei som kjem i dei neste para kva dei har å forholda seg til.

God start

Lunde Pedersen fekk ein god start på 1500-meteren med 23,7 på dei første 300 metrene. Andre runde gjekk på 26,04.

– Det var ein veldig god runde av Sverre. Det er i denne fasen av løpet han er sterkast, forklarte Flygind Larsen.

Men så skar det seg for Lunde Pedersen. Tredje runde gjekk på gode 26,7 og han lukta på medalje, men i nest siste sving fekk han rotasjon og kom i ubalanse. Sverre mista rytmen og stivna.

– Nei, det var uheldig. Det øydela heile løpet til Sverre, oppsummerte Flygind Larsen om 9. plassen til Sverre Lunde Pedersen.

Uhellet gjorde at han heller ikkje klarte å slå parkamerat Mantia.

Sverre gjekk inn til tida 1.46.12, vel to sekund bak Nuis, som vann foran Patrick Roest (Nederland) og Min Soek Kim (Korea)