Lokal | 03. juli 2014

Feirar 4. juli

Er-An veikro inviterar til Amcar-treff for å feira den amerikanske nasjonaldagen.

Feirar 4. juli
Fredag kan det bli tett med amerikanske bilar på Røykenes når 4. juli skal feirast (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 03. juli 2014 07:29

Etter at Er-An Veikro pussa opp inspirert frå dei amerikanske kroene langs Route 66 og dei amerikanske landevegene har kroa vore ein ynda plass for Amcar-entusiastar å vitja. Kva er då meir naturleg enn å invitera til fest når den amerikanske nasjonaldagen skal feirast?

– No når amerikanerane feirar nasjonaldagen sin på fredag, så vil vi gjera det same her på bygrensa.

– 4. juli staser vi opp bygget med amerikanske flagg både inne og ute.

– Vi har invitert Amcar-klubbane frå Os, Bergen, Askøy og Nord-Hordaland til å koma til oss, men det er sjølvsagt ope også for andre.

– Parkeringsplassane blir rett nok reservert for amerikanske bilar frå klokka 17.30 på fredag. Berre det gjer det verdt å ta turen, seier innehavar Linda Andersen.

2. eller 4. juli?

USA sin nasjonaldag, feirast kvart år den 4. juli, for å markera underteikninga av uavhengigheterklæringa i 1776. Opprinneleg var ein litt usikkere på om det var den 4. eller om det faktisk var den 2. juli som skulle feirast, då det var den 2. juli den juridiske separasjonen av koloniane frå Storbritania ble vedtatt. Faktisk har historikarane også vore i tvil om det faktisk var den 4. juli kongressen i sin heilhet underskreiv erklæringa, men både Thomas Jefferson, John Adams og Benjamin Franklin har i sine notat at det var 4. juli, så truleg er det rett.

Som ein kuriositet så døydde både Thomas Jefferson og John Adams, som båe seinare blei amerikanske presidenter, den 4. juli 1826, nøyaktig 50 år etter dei var med og underskrev erklæringa.(kjelde: usaguiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.