Kultur | 27. feb. 2015

Feirar kvinnedagen med festival

Over 30 kvinnelege artistar er klare til å bli med på festivalen «Rett sted Rett tid» på Madam Felle. På plakaten finn vi både Gina Aspenes og Ine Tumyr frå Os.

Feirar kvinnedagen med festival
Gina Aspenes (innfelt) er ein av artistane på festivalen (foto: Trude Brun Wilhelmsen/Kjetil V. Bruarøy)
Kari M. Lyssandfredag 27. feb. 2015 07:42

Tine Taule er festivalsjef og initiativtakar til festivalen «Rett tid Rett sted», som er ein historisk festival over tre dagar på Madam Felle i Bergen.

– Fokuset er utelukkande kvinnelege musikarar og blir ei gigantisk utvida musikalsk feiring av kvinnedagen 8. mars, som òg er festivalens siste dag, fortel Taule.

Festivalen byr på både etablerte og nyare artistar. Fredag 6. til søndag 8. mars er dei alle samla med sin felles lidenskap: musikk.

Os sterkt representert

Christine Guldbrandsen, Myrna Braza, Nathalie Nordnes, Josefin Winther og Elisabeth Moberg er berre nokre av artistane, og frå Os har dei med fleire artistar, men og folk bak scena.

– Os er sterkt representert på festivalen med blant anna Gina Aspenes og Ine Tumyr.

– I tillegg er gitarist Steinar Lyssand med og komper fleire artistar, og så har vi med oss lydteknikar Paul Inge Vikingstad.

– Med 31 utøvarar samla så vil vi vise kva for eit unikt variert musikalsk mangfald Bergen har å by på av kvinnelege musikarar.

– Blir kjempegøy!

Gina Aspenes gler seg stor til å stå på scenen under festivalen.

– Eg har aldri vore med på ein festival kor det berre er kvinnelege artistar.

– Berre det i seg sjølv kjem til å bli veldig kult.

– I tillegg gler eg meg til å få sjå og høyra dei andre og henta inspirasjon frå dei.

– Vi er veldig forskjellige artistar så det er absolutt verdt å ta turen til Madam Felle dei tre dagane, seier Gina, som sjølv skal på scenen laurdag 7. mars.

Var ikkje i tvil

Då Tina Taule tok kontakt og sa ho hadde lyst til å gjera noko gøy og laga ein skikkeleg kvinnefest var ikkje Gina Aspenes i tvil.

– Sjølvsagt villeg eg vera med. Det var ikkje vanskeleg å seie ja til dette.

– Treng ein ein eigen festival med berre kvinnelege artistar?

– Ja, eg trur vi gjer det.

– Det er stor kraft i å stå saman som kvinner opp mot ein dag som kvinnedagen.

– Dessuten har Tina vore flink til å invitera med damer som ikkje så ofte blir invitert til å stå på ei scene på denne måten.

– Eg trur det i seg sjølv er viktig, seier Gina, som avsluttar med ei oppfordring.

– Helga 6. til 8. mars er det berre å legge turen til Madam Felle. Det kjem til å bli veldig bra!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.