Lokal | 08. apr. 2017

Feirer med jubileumstur

Os Turlag fyller 30 år i år og feirer med å invitera små og store osinger med på jubileumstur med start og mål ved Frivilligsentralen.

Feirer med jubileumstur
Arvid Øvreeide i Os Turlag inviterer til jubileumstur med start og målgang ved Frivillighetssentralen laurdag 22. april (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 08. apr. 2017 07:48

I mars 1987 blei Os Turlag skipa som eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag.

– Det feirar vi på fleire måter, ein av dei er ved å invitera alle osingar med på tur laurdag 22. april, fortel Arvid Øvreeide, leiar i Os Turlag, som i dag har 1200 medlemmar.

Turquiz

Turen går frå Frivilligsentralen, opp Borgabygda og vidare til Tøsdal via turvegen frå Nordmarka.

– Derifrå går turen vidare opp skaret og over til Borgafjellet og ned igjen til Frivilligsentralen, forklarar Øvredal.

– I løpet av turen vil vi ha 12 stasjonar med spørsmål. Tek ein med seg eit skjema frå start og fyller ut undervegs er det gode moglegheiter for å vinna premier.

Saman med kommunen

På kykjeflaten stiller Frivilligsentralen opp med kaker og drikke etter målgang.

– Turen er eit samarbeid med Os kommune og frivilligsentralen. I utgangspunktet ønskjer vi at folk starter frå Kykjeflaten mellom klokka 12 og 13. Turen er godt egna for barnefamilier og tek omlag tre timar, seier turleiaren.

Nye benkar og kloppar

Er du redd for at turen skal bli for slitsom er det gode moglegheiter for å ta seg ei pause undervegs.

– Trivselgruppa vår gjer ein kjempejobb med å legga tilrette med klopper og bruer på ulike turstier. På veg opp frå Tøsdal fekk dei i førre veke flydd opp benkar vi har kjøpt hos Os ASVO, så der er det no blitt ein fin plass å ta ei pause om ein føler for det, smiler Øvreeide.

Søndagstur til Ervikane

Jubileet feires ikkje berre med turen lørdag.

– Allereie søndag er det ny tur når Barnas Turlag inviterer til tur til Ervikane med grilling og forskjellige andre aktiviteter.

– Også klatregruppa vår har planar om å vise fram det nye klatrefeltet på Lio inne i Hegglandsdalen denne sundagen, avsluttar Øvreeide.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.