Kultur | 07. des. 2016

Fekk 250 000 til nyskapande undervisning

Glenn Erik Haugland og Ragnhild Tronsmo Haugland står bak det nyskapande prosjektet Session. Onsdag fekk dei heider, ære og 250 000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB.

Fekk 250 000 til nyskapande undervisning
Glenn Erik Haugland og Ragnhild Tronsmo Haugland fekk i dag 250 000 kroner frå gåvesjef Sissel Karlsen i Sparebankstiftelsen DNB (privat foto)
Andris Hamreonsdag 07. des. 2016 10:40

Bildeserie:

Datarock-Fredrik er ein av gjesteforeleserane som har vore inne på Session Komposisjon (foto: KVB)
Datarock-Fredrik er ein av gjesteforeleserane som har vore inne på Session Komposisjon (foto: KVB)
1 av 1
Datarock-Fredrik er ein av gjesteforeleserane som har vore inne på Session Komposisjon (foto: KVB)

For halvanna år sidan starta Glenn Erik Haugland, Heidi Tronsmo og dottera Ragnhild Tronsmo Haugland opp Session Studio E39, eit tilbod til kreative komponistelevar heime på Haugland.

Prosjektet har allereie fått støtte frå Hordaland fylkeskommune og Norsk Kulturråd og har hatt inne gjesteforelesarar som Fredrik Saroea frå Datarock i elevane sitt arbeid med å komponera ny musikk.

Har blitt eksportert

Prosjektet, som var nyskapande av sitt slag, har fått stor merksemd over heile landet, og tilsvarande prosjekt er no i ferd med å bli starta opp fleire stader i landet.

– Session Komposisjon, som vi no kallar det, har blitt plukka opp frå fleire og det er no i ferd med å bli skapt tilsvarande tilbod i Trondheim, Stavanger og Oslo, fortel Haugland.

Blei oppmoda om å søke

Onsdag var Glenn Erik Haugland og dottera Ragnhild Tronsmo Haugland i Oslo for å motta 250 000 kroner i gåve frå Sparebankstifelsen DNB.

– Sparebankstiftelsen DNB har som tradisjon å støtta ulike kulturtiltak, men svært ofte har desse hatt sitt utspring på austlandet, berre unntaksvis har dei støtta nasjonale prosjekt.

– Då vi møtte gåvesjef Sissel Karlsen i dag, så fortalde ho at dei hadde vore på jakt etter prosjekt med skapande utøvarar. Mykje av det dei har støtta tidlegare har vore unge utøvande talent. Det at session komposisjon har gått nasjonalt ville dei støtta og vi blei oppmoda om å søka.

Skaper enno eit nytt tilbod

Dei 250 000 kronene går ikkje berre til session komposisjon, men også det heilt nye prosjektet session nattspill.

– Det er eit heilt nytt prosjekt i same gate, kor vi håper å få med 10-15 ungdommar til å utvikla eit heilt nytt musikkteater. Dei skal stå for heile prosessen med tekster, musikk, kostymer, regi og resten av det som skal til for å utvikla ei forestilling.

– Premiera blir i Oseana i oktober neste haust, fortel Glenn Erik medan han og Ragnhild feirar med ein smoothie i Oslo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.