Næringsliv | 15. mai 2018

Fekk 3000 kilo (!) med lange i Fusafjorden

Fiskebutikken Isfisk blei lagt ned, men MS «Isbjørn» gjer det skarpt på heimebane.

Fekk 3000 kilo (!) med lange i Fusafjorden
Thomas Einangshaug og Magnus Atli om bord på MS Isbjørn i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. mai 2018 11:23

Islendingen Hlynur Freyr frå Strøno fekk ikkje fiskebutikken sin til å gå rundt, men har halde fram med linefiske i sør etter at han, i forsøk på å berga butikken, henta MS «Isbjørn» ned frå nord.

I helga fiska båten 3 tonn på to dagar, den eine settinga åleine, med 6000 krokar, blei det 1500 kilo med lange og brosme.

Sånn var stemninga då fangsten kom om bord:

– Det var overraskande mykje stor fisk så langt inne i fjorden, dei største var på rundt 30 kilo, seier Freyr.

Vil rigga om frå line til garn

Isbjørn er no i Haugesund for å levera fangsten. Så blir det eit tokt utanfor Karmøy i pinsen før båten går til Vesterålen for to veker med kveitefiske.

– Vi skal ned igjen her og fiska, men eg vil rigga om frå line til garn, det trur eg er enklare å driva med her nede.

– Eg kan lite om garn, men eg nærmar meg 40 år, så det er vel på tide at eg lærer meg noko nytt, seier friskusen frå Sørstrøno.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.