Rom 440 fortener eit kraftfullt namn, meiner Solstrand, og fekk som bestilt. (Foto: Solstrand Hotel & Bad)

Fekk 4852 namneforslag!

I dag fekk rom 440 på Solstrand eit namn - og to vinnarar.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag 27. oktober la Solstrand Hotel & Bad ut ein namnekonkurranse på instagram og facebook. Dei ville gje namn til eit av dei meir særeigne romma, rom 440.

– Stover og møterom på Solstrand har namn etter utsikta eller historia. Vi har i mange år ønskt oss eit godt namn til dette rommet, fortel Pernille Schau-Larsen.

– Vi stilte oss spørsmålet «kven kan best hjelpa oss?». Osingane! ropte Karoline Fosse Holmefjord, vår entusiastiske kollega som har ansvar for marknadsføring og sosiale media.

– Naboane våre her i bygda er som oss, dei er glade i utsikta over fjorden, og dei kjenner stemninga i magen. Kanskje dei, med eitt enkelt ord, kan skildra dette, heldt ho fram.

Karoline fekk rett. På tre veker blei facebookposten sett av 224.000 menneske, og det kom inn 4.832 forslag.

– Responsen var overveldande, synest Schau-Larsen.

Namnet: Aurora

Hovudvekta av forslaga var, som hotellet hadde håpa på, knytt til sol, morgonstemning, lokale stadnamn og typar.

Valet blei AURORA.

Dette namneforslaget kom frå fleire, og Solstrand bestemte seg for å gje premie til to;

Jelena Lunde frå Os, som var den første som kom med forslaget, og Lene Stokseth, som kom med grunngjevinga. Premien er kvar si overnatting for to personar, med halvpensjon.

Aurora er gudinna for morgengryet, ifølgje romersk mytologi.Gudinna hadde to søsken, broren er Sola og søstera er Månen. Fire av sønene hennar er Nordavinden, Vestavinden, Sønnavinden og Austavinden.

– Det ruskar godt i hushjørnet ved rom 440 når Sønnavinden og Austavinden tar tak, samtidig som rommet er godt skjerma mot Nordavinden og Vestavinden. Gjestane er også ivrige med å ta bilde når fullmånen leikar seg over Sandholmane. 

– Fortener eit namn med kraft

– Rom 440 har Solstrands beste beliggenhet for å oppleva daggryet, når solen sender sine første stråler over Fusafjellet, og nesten magisk stiger opp. Nokre gongar som ei rund kule, andre gongar i eit slør av skyer som skaper dei vakraste bildene på himmelen.

– Rommet i seg sjølv er mektig, med stor takhøygde og tårn, og fortener eit namn med kraft, som også klinger i våre internasjonale gjestar sine øyre.

Artisten Aurora

At vi òg har ein framifrå musikar frå Os med same namn, er noko Solstrand har fått med seg.

– Dette unge medmennesket frå Os har dei siste åra nådd ut i verda med stemma si, seier Pernille, og siterer artisten Aurora Aksnes;

«Nature has it's own sound».

– Dette høyrer med i historia om Vestlandet. Det er med stor glede at vi gir rom 440 namnet Aurora, samtidig takkar vi alle som har sendt inn mange fine forslag!

«Veteran» og nykomar

Midtsiden har snakka med vinnarane, og om deira forhold til Solstrand.

– Eg har aldri vore der før, men har lenge hatt lyst, og hadde faktisk planlagd å besøka hotellet med venninnene mine i vinter. Eg blei kjempeglad då eg blei trekt ut som vinnar, seier Lene Stokseth, som bur i Bergen.

Jelena Lunde frå Os er også glad for premien, sjølv om ho frå før er ivrig gjest ved hotellet i heimbygda.

– Eg og mannen min hadde bryllaupsnatta vår på Solstrand, ikkje på rom 440, men eit anna fint rom, og vi feirar alle store dagar på hotellet.

– Når vi har gjestar frå utlandet er Solstrand det første vi viser dei, og vi er også veldige glade i å få spa på Solstrand.