Snittmåling viste at 18-åringen køyrde i 105 km/t i 80-sona. Dermed blei det eit forelegg på 6250 kroner og 6 prikkar på førarkortet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fekk 6 prikkar på førarkortet

Politiet mistenker tablettrus hos både bilførar og busspassasjer. I tillegg stoppa dei ein ung mann i høg fart på Ulvensletta.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag klokka 15.30 fekk politiet melding om vinglete køyring opp bysida av Fanafjellet.

Bilen blei stoppa på Ulven. Bilførar, ein mann i 30-åra, viste ikkje teikn til promille, men blei tatt med for blodprøvetaking.

– Vi mistenker at vedkomande var rusa på tablettar, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Det blei tatt midlertidig beslag i førarkortet og det er oppretta sak.

Livlaus mann om bord i buss

Klokka 20.30 måndag kveld blei politiet kontakta av ein bussjåfør. Han hadde ein passasjer han ikkje fekk liv i.

– Vi rykte ut saman med helse. Mannen, som er i 20-åra, kvikna til, men vi fann nokre tablettar på vedkomande, som han er meldt for. Vedkomande blei sjekka av helsepersonell og køyrd heim etter avhøyr.

Tatt i snittmåling på Ulvensletta

Måndag kveld blei ein 18 år gamal gut stoppa av politiet på Ulvensletta.

Snittmåling viste at han hadde køyrd i 105 km/t i 80-sona.

Det førte til 6250 kroner i forelegg og 6 prikkar (dobbelt av 3 då han er fersk sjåfør i prøvetid).

Fleire saker

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.

bilde-midtsiden

Betaler millionar til Bergen

21. september 2017

68 ungar frå Os går i barnehage i Bergen, noko Os kommune betalte 4,7 millionar for i første halvår 2017.

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.