Sport | 02. okt. 2017

Fekk 8-0 i bursdagspresang

Rafael Villén fekk rekordstor siger i gåve av damelaget til Os.

Fekk 8-0 i bursdagspresang
Rafael Villén hadde laurdag sin største siger til no med damelaget til Os. (Arkivbilde: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. okt. 2017 10:53

Spelarane på Os sitt herrelag hadde ein tung laurdag etter 2-3-tap for Herd på hemebane. Rafael Villén fekk heldigvis fort noko anna å tenkja på.

– Det var i grunnen godt å gå rett frå eigen kamp klokka 17 til å førebu damelaget til kampstart klokka 18, seier Rafael Villén.

Os - Krabbetor 8-0
Kampfakta på fotball.no

Os-damene var på treningsleir i Spania i vår, og fekk styrka stallen med fleire ungdomar i haust.

Og det var spesielt ungdomane som blomstra på bursdagen til trenaren.

Tuva Søreide Solberg skåra 4 mål, Vilde Drange Veglo skåra 3.

Linda Johansen meldte seg òg på skåringslista i det som er den beste kampen damene har hatt etter 1,5 sesong med spanjolen som trenar.

– Dette er den største sigeren eg har hatt med damene, i ein strålande kamp mot eit ganske godt lag. Vi tok styringa frå start, leia 2-0 etter fem minutt og skapte massevis av sjansar, fortel Villén nøgd.

Os tapte 4-1 for Krabbetor borte i vår.

Tre kampar igjen

Sigeren laurdag var den tredje for sesongen. Os har no 10 poeng og ligg på 9. plass av 10 lag.

Dei neste kampane går mot serieleiar Loddefjord og Bjarg på 6. plass, begge på bortebane, før sesongen blir avslutta på heimebane mot Årstad, som ligg på 4. plass.

TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.