Sport | 18. feb. 2017

Fekk bank av Førde

Totalkollaps i sesongens siste heimekamp - Os tapte med 21 (!) mål.

Fekk bank av Førde
Trond Førde Eriksen freista å gjera justeringar i dei tre timeoutane han hadde tilgjengeleg, men det hjalp ikkje (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 18. feb. 2017 17:09

Os spelte laurdag sesongens siste heimekamp. Det blei alt anna enn ei god oppleving. Den suverene serieleiaren Førde viste ingen nåde og gjekk ut i eit offensivt forsvar som Os aldri fann ut av.

Os hang greit med til omlag halvvegs i første omgangen, men så sa gjestane takk for følgjet og drog frå til sjumålsleiing til pause. Det var noko halvhjarta over innsatsen frå Osdamene.

– Eg veit ikkje kva eg skal seie. Eg forstår rett og slett ikkje kva som skjer, seier trenar Trond Førde Eriksen etter kampen.

Os - Førde 17-38 (10-17)
Utv: os 1x2 min, Førde 1x2 min
Os sitt lag: Pia Johansen 1, Tonje Hjertnes Rykkel 2, Emilie Halhjem 1, Hilde Kristine Røttingen 1, Line Hjelle Berentsen 5, Vibeke Ingebrigtsen, Elise Hjelle 1, Bente Mjanger 3, Liv Pauline Lunde, Thiet Dang 2, Tiril Grønvigh, Mia Torp Nielsen 1.

Gav opp

Etter drygt åtte minutt spelt av andreomgangen er Førde oppe i 10 målsleiing 12-22 og Os-damene ser meir eller mindre ut til å ha gitt opp. Ein haug med tekniske feil gjer det ikkje enklare for heimelaget.

– I første omgangen gir eg Tonje, Vibeke og Emilie godkjent bakover. I andre omgangen er det totalsvikt frå alle. Førde er eit kanonlag, som vi må spele på vårt beste for å vera på høgde med, men i dag hang vi ikkje med.

– Det som irriterer meg mest er at vi gir opp og ikkje bruker dei siste tjue minutta på å trene ein gang. Vi har mange viktige kamper igjen og burde brukt denne på å øva, men det gjorde vi ikkje, oppsummerer ein skuffa Førde Eriksen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.