Lokal | 30. okt. 2014

Fekk basseng i kjellaren

Sidan vasstanden er på veg ned i Oselva fekk Henning Heimdal på Lilleballong seg ei overrasking då han kom på jobb torsdag. – Eg skjønar ikkje kor vatnet kjem frå.

Fekk basseng i kjellaren
Dette synet møtte Henning Heimdal då han kom på jobb torsdag. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandtorsdag 30. okt. 2014 12:45

Bildeserie:

(Foto: KML)
(Foto: KML)
1 av 1
(Foto: KML)

Dei siste dagane har det ekstreme regnvêret forårsaka flom fleire stadar på Vestlandet, osingane har i det store og heile vore heldig og sleppt unna.

– Eg var ute og følgte med på elva då det stod på, men ho var ikkje i nærleiken av kanten, fortel Heimdal.

Sidan vasstanden etterkvart var på veg ned så uroa ikkje Heimdal seg over butikken i Byvegen.

– Kor kjem det i frå?

Overraskinga var difor stor då han torsdag kom på jobb på Lilleballong og trampa rett ut i eit basseng i kjellaren.

– Det må ha skjedd i går kveld eller i løpet av natta og det er berre i eine delen av kjellaren der vi har lager.

– Eg forstår ikkje kor det kjem i frå, om det er grunnvatn eller noko anna, seier Heimdal, som midt i førebuingane til Halloween fekk det enda travlare.

Heimdal og kona Olaug har fått ut alt som kunne reddast.

– Heldigvis hadde vi ei stor opprydding for nokre veker sidan der mesteparten av varene blei flytta opp i høgda.

– Vatn er vatn

Det var noko papirartiklar som stod i ein kasse på golvet som fekk unngjelda, men det skal ikkje vera mykje som er øydelagt.

– Det er ikkje vits i å erge seg over det, vatn er vatn og det er ikkje noko å gjera med det, seier han og trekker på skuldrene.

– Eg er berre glad for at det har gjort så lite skade, så får vi berre ta jobben med å få vatnet vekk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.