Kultur | 25. mai 2018

Fekk ein annleis historietime

9. trinn frå Os og Nore Neset på viking-konsert.

Fekk ein annleis historietime
Einar Selvik er vokalist i Nordvegen-konsertane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 25. mai 2018 12:49

Musikk med liner til norrøn vikingetid er kanskje ikkje det ungdommane på 9. trinn ved Os og Nore Neset ungdomsskular høyrer mest på til dagen, men fredag fekk dei sjansen til å bli kjend med ein litt ny sjanger då Oseana i samarbeid med Festspillene i Bergen inviterte til Friskunst-konsert med utdrag frå «Nordvegen: Musikalsk seilas frå saga til samtid».

– Det er jo nesten så ein får prestasjonsangst å skulle spela på Os kor det kjem så mange gode band frå, som Aurora og Immortal, innleia Ivar Bjørnson kjend frå Enslaved. Bjørnson står bak prosjektet saman med Einar Selvik, kjend frå Wardruna og TV-serien Vikingarna.

Gamle instrument og historie

Selvik, som er vokalist i oppsetninga, gav elevane ei innføring i både norrøn mytologi, korleis Noreg blei Noreg og betydningen av musikk heilt tilbake til vikingetida.

– Ein del av dette prosjektet er å henta fram att gamle redskap og tankar for å gjenskapa noko av musikken, forklarte Selvik medan han viste fram ein lyte (gitarliknande instrument, journ.mrk.)

– Dette var også eit kommunikasjonsmiddel, sa Selvik og viste fram eit bukkehorn.

– Dei visste at ved spesielle vêrhøve kunne dei kommunisera med nabogardane og over enno lengre strekk ved hjelp av bukkehornet. Dei hadde musikk til alt, anten det var for å melde om ei sjuk ku eller om det var noko anna.

– Det var på mange måtar dåtidas mobiltelefon, så då er nok dette ein Itut 5, sidan den har fem hol.

Lunken mottaking

Dei omlag 250 elevane frå Os og Nore Neset ungdomsskular fekk med seg ein times konsert iblanda historieforteljing. Dei elevane Midtsiden snakka med etter framsyinga var delte i tilbakemeldingane. For nokre blei det rett og slett for treigt og dystert, medan andre berre var glade for å sleppa ein vanleg skuletime.

– Det friskunst skal vera

Ein som var nøgd, var Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg.

– Eg har tenkt på dette heilt sidan vi hadde Nordvegen her i fjor. Både vi og Solstrand er jo ein del av prosjektet. Det er ein god historieforteljing og passar fint å koble opp til skuleprosjektet vårt Friskunst, som no har blitt meir enn berre Oseana sitt, i og med at kulturskulen også er med.

– Konserten i dag er akkurat slik Friskunst skal fungera, kor vi får profesjonelle artistar som skal ha konsert til å helde skulekonsert samstundes.

I kveld spelast heile konserten i fjellhallen på Solstrand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.