Sport | 16. nov. 2017

Fekk ein ny på trynet

Håndballherrene til Os slit. Onsdag blei det eit nytt tap då dei møtte Sotra.

Fekk ein ny på trynet
Preben Madsen og Os fekk eit nytt tap i trynet då dei møtte Sotra onsdag ettermiddag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 16. nov. 2017 08:32

Bildeserie:

Arne Haugland måtte få hjelp frå Gitte Torp på damelaget etter eit ublidt møte med ein Sotraforsvarar (foto: AH)
Arne Haugland måtte få hjelp frå Gitte Torp på damelaget etter eit ublidt møte med ein Sotraforsvarar (foto: AH)
Han kom tilbake og blei toppskårar med sju mål (foto: AH)
Han kom tilbake og blei toppskårar med sju mål (foto: AH)
Preben Madsen skåra fem (foto: AH)
Preben Madsen skåra fem (foto: AH)
Isak Røen gjennom på ein av sin fire skåringar (foto: AH)
Isak Røen gjennom på ein av sin fire skåringar (foto: AH)
Ungguten Ludvig Egge Drange gjorde sine ting bra og skåra to (foto: AH)
Ungguten Ludvig Egge Drange gjorde sine ting bra og skåra to (foto: AH)
Ein av dei andre unge, Bendik Oen, teikna seg òg på skåringslista (foto: AH)
Ein av dei andre unge, Bendik Oen, teikna seg òg på skåringslista (foto: AH)
1 av 6

Osherrene har fått ein dårleg start på sesongen og står etter seks kampar med null poeng. Onsdag blei det eit nytt tap då dei møtte Sotra på bortebane.

– Vi mangler sjølvtillit og må berre innrømma at vi per dags dato ikkje er betre, oppsummerte Ostrenar Alexander Heggø etter kampen.

Sotra - Os 27-22 (12-13)
Utv: Sotra 2x2 min, Os 4x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Lerch Dahl, Arne Veim Haugland 7, Nils Andris Hamre 1, Bendik Oen 1, Isak Røen 4, Mats Brunvatne, Erik Vågen 2, Kristian Bruarøy, Preben Madsen 5, Ludvig Egge Drange 2, Even Hilland Lærum.

Sjå tabell

Onsdag såg det lenge ut som om Os skulle få den etterlengta sigeren. Os tok føringa i kampen og låg i heile første omgangen eitt eller to mål foran vertene frå Sotra. Berre unøyaktigheiter i angrepet gjorde at ikkje luka blei større.

– Vi er jo allergisk mot å skaffe oss luker, kommenterte ein oppgitt Heggø på benken undervegs i kampen.

Avgjerande dobbeltutvisning

Omlag sju minutt før full tid får Os først to minutter utvisning på Preben Madsen, før Arne Haugland snakker på seg ein to minutter halvminuttet seinare. Stillinga er då 19-19.

Sotra rykker frå og går opp i 21-19, samstundes som det held fram med å kladde framover på banen for Osherrane. Etterkvart virka det som Os gav opp og det blei meir spel ein og ein i staden for som eit lag.

– Vi må berre erkjenna at vi ikkje er godt nok trent. Eit par av spelarane har heller ikkje trent særleg mykje med resten av laget, då blir det fort mykje ein og ein. Det fungerte i forrige kamp, men ikkje i dag, konkluderte Heggø.

Neste kamp for Osherrane er allereie på søndag når dei tek imot Gloppen heime i Oshallen klokka 13.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.