Lokal | 22. feb. 2017

Fekk gode råd av ulike fagfolk

Os Unge Høyre har skapt ein strålande arena for ungdom, men oppmøtet var svært svakt.

Fekk gode råd av ulike fagfolk
– Vi får tips av rådgjevarane på skulen, men det er noko eige å snakka med dei som jobbar innan faget, seier Joakim Osen (t.v.) og Kristoffer Sivertsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. feb. 2017 20:18

Bildeserie:

Kvelden blei innleia med litt quiz. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kvelden blei innleia med litt quiz. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Henrik Vågen (t.h.) hadde håpa på betre oppmøte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Henrik Vågen (t.h.) hadde håpa på betre oppmøte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Kvelden blei innleia med litt quiz. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Henrik Vågen (t.h.) hadde håpa på betre oppmøte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Eg er veldig nøgd med det vi byr på i kveld, men eg er sjølvsagt skuffa over oppmøtet, seier Henrik Vågen.

• Les òg: Kva skal du bli? På Bar(t) kan du finna svaret

Rundt 30 ulike yrke var representert. Anten du vil bli kokk, politi eller byggmeister hadde ungdomen nokon å spørja om råd.

Utanom ungdomane frå Os Unge Høyre var det berre 2-3 elevar som møtte opp.

– Eit godt tilbod

Joakim Osen og Kristoffer Sivertsen går i 10. klasse, og møtte for å få både tips og gode samtalar med enkelte fagfolk.

– Eg har bestemt meg for å gå bygg og anlegg, og vil truleg vidare som tømrar. Men eg tenkte dette var ein fin stad å spørja folk i bransjen om råd, det er jo fleire retningar du kan ta innan dette fagområdet, seier Joakim.

Han hadde høyrd om arrangementet, men hadde gløymd det då klassekameraten Kristoffer spurde om ikkje dei skulle ta turen.

– Eg har ikkje bestemt meg heilt om det blir TIP eller elektro, seier Kristoffer.

Han har høyrd rykte om at matematikken på elektro er vanskeleg, men fekk avkrefta dette av ein elektrikar som var representant på Høyre sitt opplegg på Bar(t).

– Mogleg vi prøver igjen neste år

Vågen er usikker på kva som skal til for å få samla ungdomen.

– Det er likevel mogleg at vi prøver igjen neste år. I fjor var det betre oppmøte, seier arrangøren, som både hadde pizza og quiz på menyen.

Joakim og Kristoffer trur det trengs plakatar på skulane til, kanskje også at det blir ein obligatorisk sak i samarbeid med skulen.

– Vi får jo tips av rådgjevarane òg, men det er noko eige å få snakka med folk som jobbar innan ulike fag, synest dei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.