Sport | 22. nov. 2016

Fekk handshake av kong Harald

Mats Cato spelte ikkje - men han fekk spelt seg nok i løpet av cupfinalehelga. – Det var tungt å ikkje spela, men festen var fantastisk, seier sølv-vinnaren.

Fekk handshake av kong Harald
Mats Cato Moldskred saman med lagkameratane i garderoben på Ullevål før cupfinalen. (Foto: KIL/Erik Gusterud)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. nov. 2016 21:43

Det blei 0-4-tap for Rosenborg då Kongsvinger søndag spelte cupfinale på Ullevål.

Osingen Mats Cato Moldskred var som kjent skadd og måtte stå over, men følgte kampen og festen tett. Laurdag kveld var han dessutan frontfigur igjen.

– Å synga live for fleire tusen KIL-fans på Kontraskjæret i Oslo var fantastisk, seier Moldskred, som saman med resten av spelarstallen var innom festen ein time før dei tok kveld.

Her kan du sjå video (Facebook) frå live-framføringa av låta som Moldskred både har vore med og skrive, og står for vokalen på.

Helste på Kongen

Sjølv om han ikkje var i troppen var Moldskred med på resten av programmet, morgonsamling, felles frukost på hotellet og oppkøyringa til kamp.

– Det var fint å sitja nær benken og å sjå medspelarane mine få oppleva det å spela på Ullevål mot Noregs beste lag.

– Eg hadde naturlegvis lyst å spela, men gledde meg likevel over både opplevinga og kor bra vi klarte oss. Det var også fleire av lagkameratane mine på banen som sleit med skade, og som ikkje fekk yta 100 prosent.

Moldskred var òg med opp og henta sølvmedalje, og fekk ta kong Harald og statsminister Solberg i handa.

Flott mottaking i Kongsvinger

Etter at spelarane hadde fått seg ein dusj blei det tre timar på bankett saman med vinnarane.

Så gjekk turen til Kongsvinger, ei bussreise på rundt 1 time og 15 minutt.

– Der var stemninga heilt enorm, med rundt tusen innbyggarar som venta på oss. Vi fekk ei strålande mottaking i gågata, så heldt festen fram.

Kan rykka opp til Tippeligaen

Cupfinalen var ikkje den siste viktige kampen til KIL denne sesongen.

I fjor rykte dei opp til OBOS-ligaen, med Mats Cato som toppskårar, no har dei vunne den første kvalik-kampen (over Sandnes Ulf) til nytt opprykk.

Søndag møter dei Jerv, som slo Mjøndalen 2-1. Vinn dei over Jerv så er det siste og avgjerande kamp mot Stabæk.

– Kan du bli speleklar til nokre av desse kampane, trur du?

– Eg har i grunnen slått det frå meg. Eg kjem til å stilla på trening i dagane som kjem, men reknar med at sesongen er over for min del. Eg er uansett veldig spent på korleis det går vidare!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.