Lokal | 21. juni 2017

Fekk heimelen han treng

Kommunen innfører forbod mot tigging. Seinast tysdag fekk politiet melding om aggressiv tigging.

Fekk heimelen han treng
Lensmann Oddbjørn Dyrdal stilte i kommunestyret for å svara på spørsmål frå politikarane om politiforskriften (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 21. juni 2017 07:32

Då kommunestyret tysdag reviderte politivedtektene for Os kommune var det spesielt éin paragraf som sto høgt på agendaen;

«§ 5.Tigging. Det er forbode å tigga på eller ved offentlege stadar i kommunen. Med offentleg stad meinast her òg kjøpesenter, butikkar og forsamlingshus.»

– Det er tiggerforbodet som kanskje er den største største endringa vi skal vedta. Det er eit spørsmål som er vanskeleg. Eg er både for og mot. Det er ikkje greitt at folk føler seg plaga eller er redde for å gå ut. Det er òg eit poeng å sette fokus på kriminaliteten dette kanskje er eit dekke for.

• Les òg: Politidirektoratet har godkjent tiggeforbodet i Os

– Samstundes må vi gå tilbake og sjå på nokre grunnhaldningar. Det er nokre overordna prinsipp vi må trekke fram. For meg vil det vera eit grunnleggende prinsipp at folk skal kunne måtte be om hjelp også på denne måten. Difor koker det ned til at eg ikkje ønskjer endringa, oppsummerte Siren Tømmerbakke (Sp).

Ønskjer nasjonalt forbod

Det var fleire av politikarane som hadde tvilt seg fram til standpunkta dei hadde falt ned på.

– Når ein ser eit tiggerforbod i samenheng med sexkjøploven oppstår eit veldig paradoks. Eg har ikkje lov til å be om eit par hundrelapper, men samstundes kan eg tilby same person å tukle med kroppen min for same beløp.

– På den andre sida har vi eit velferdssystem kor NAV Sosial har plikt til å tilby mat på bordet og tak over hovudet, men når vi til dømes i Bergen ser at dei same folka sit på det same hjørnet dag ut og dag inn, år etter år, så har tigging blitt eit yrke. Då har vi som samfunn spelt falitt.

– Eg har tvilt meg fram til at vi bør ha eit nasjonalt tiggeforbod. Eg har vanskeleg å sjå poenget med eit lokalt forbod. Det vil berre flytta problemet ein annan stad. I politikken er jobben vår å løyse eit problem, ikkje berre å flytta det. Difor bør dette vera eit nasjonalt anliggande, poengterte Gisle Hesjedal (Ap).

Har betra seg

Lensmann Oddbjørn Dyrdal var invitert til møtet av ordføraren for å svara på spørsmål frå politikarane.

– Det er vanskeleg og krevande. Eg er ikkje jurist, men lensmann og skal håndheve dei lover og forskrifter som blir utarbeidd.

– Vi har, spesielt etter at lokale medier omtalte det, opplevd at tigging nesten har vore fråverande. Før den tid fekk vi mange meldingar og oppdrag om pågåande og aggressiv åtferd som gjeld tigging kor dei gjerne følgjer etter folk inn i butikken fordi dei på veg inn har sagt at dei kanskje har pengar når dei kjem ut att. Så seint som i dag fekk eg ei melding på dette.

Gir grunn til å undersøkje

Ei innføring av tigging i dei lokale politivedtektene gir politiet hjemmel til å foreta ytterlegare undersøkingar av den som tigg.

– Vi har lover som regulerar trakasserande åtferd. Det må ikkje eit tiggeforbod for at vi skal håndtera det, men samstundes vil ei innføring av forbod mot tigging gjera det enklare for oss.

– Det gir oss heimel til å gjera eit inngripen, bortvise, kreve legitimasjon, visitere eller anbringe vedkommande. Då har vi eit straffebod som gir oss grunnlag for å gå nærmare inn på vedkommande for å undersøka.

– Det kan ha ein forebyggande effekt ved at vi kan gå inn i våre system og undersøke kven denne personen er. Det kan lede oss til eit nettverk som leier oss inn på noko meir alvorleg. Både statsadvokaten og mange andre har teke til ordet for eit nasjonalt forbod for å forebygge grov og alvorleg kriminalitet, til dømes menneskjehandel.

– No er det sånn at eg er lensmann i Os og mi oppgåve er å sørgje for tryggheit i Os, i mitt lensmannsdistrikt. Når vi ikkje har eit nasjonalt forbod, så ønskjer eg det lokalt, svarte lensmannen på nokre av spørsmåla som kom frå politikarane.

Politivedtektene blei samrøystes vedteken, med unntak av §5 om tigging som blei vedteke med 20 av 35 røyster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.