Sport | 08. juli 2017

Fekk ikkje siger å jubla for

Os kom best i gang mot Brattvåg, men feilposisjoneringar på dødballar gav 1-3 tap. Dermed fekk ikkje supersupporter Tore Kleppe noko å jubla for.

Fekk ikkje siger å jubla for
Kari Lekven Kolskogen, Kjell Kolskogen, Anette Kleppe og Tore Kleppe tok bubilen til Brattvåg for å heia på Osgutane (foto: Endre Brenne, Os Fotball)
Andris Hamrelørdag 08. juli 2017 16:42

Os avsluttar vårsesongen med to bortekamper mot Brattvåg og Spjelkavik. I laurdagens kamp mot førehandsfavoritt Brattvåg var det Os som kom best i gang.

Allereie etter 7 minutt satte Christoffer Hafsås inn Os sitt mål etter ei pasning frå Knut Haga.

Brattvåg - Os 1-3 (1-2)
Os sitt lag: Anders Fosen Lunde, Knut Spangelo Haga, Divaldo Cardoso, Ole Martin Lekven Kolskogen, Torgeir Lunde, Alexander Dale, Rafael Villen Villen, Thomas Lunde Fosen, Torkel Hjertnes, Enrique Crespo Søvik, Christoffer Hafsås.
Innbyttarar med speletid: Hassan El Fakiri, Steffen Ljosheim, Adrian Kallekleiv Valle.
Innbyttar utan speletid: Ørjan Håland

Sjå tabellen

– Det er litt synd at vi ikkje greier å halde på forspranget, seier Hassan El Fakiri.

Tre mål på seks minutt

For Brattvåg slo nemleg hardt tilbake. I løpet av seks minutt var kampen snudd frå 0-1 til 2-1.

– 3-1 kjem etter pause. Då er det ei tabbe og dårleg kommunikasjon mellom keeper og back som gjer at dei får gå opp to mål foran. Eigentleg er andre omgangen jamnspelt, meier El Fakiri.

Veit kva dei møter

Med Brattvåg-kampen er Os halvvegs i sesongen.

– No veit vi kor nivået ligg. Eg meiner vi er kapable til klatra på tabellen utover hausten. No kjenner vi nivået. Vi er positive til haustsesongen, seier Ostrenaren som ikkje klarte leia gutane sine til ei jubelstund for fire ivrige Os-supportarar på tribunen laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.