Lokal | 15. apr. 2014

Fekk inn 129.000

Før påske fekk bustadane i Os besøk av årets konfirmantar som samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp.

Fekk inn 129.000
(Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandtirsdag 15. apr. 2014 21:19

Tysdag 8. april besøkte nær 170 konfirmantar og mange vaksne dei fleste heimane i Os med bøsser frå Kirkens Nødhjelp for innsamling av midlar til naudhjelpsarbeid.

Kyrkjeverge Gerhard August Hansen er nøgd med innsatsen til bøsseberarane og gjevarvilja til innbyggjarane.

- Takk til alle dykk som tok vel imot bøssebærarane, seier han.

Til saman fekk dei inn 129.329 kroner.

Litt meir enn i 2013

I fjor fekk konfirmantane inn 125.000 kroner, så det blei ei lita auke dette året.

- Resultatet er litt høgare enn i 2013 og vi er godt nøgd i ei tid der stadig færre har kontantar heime, seier Hansen.

Fasteaksjonen, som har blitt arrangert årleg sidan starten i 1967, gjev viktige inntekter til Kirkens Nødhjelp, som for tida er engasjert blant anna i Syria.

Fekk du ikkje besøk av bøssebærarane, men vil gje eit bidrag, kan du gå inn på fasteaksjonen.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.