Lokal | 25. okt. 2016

Fekk iPad-ar til nær 120 000

7A på Lunde barneskule vann eit klassesett med iPad-ar utan å veta om det. Tysdag fekk dei gåva.

Fekk iPad-ar til nær 120 000
Elevane fekk raskt nettbretta opp på nett (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 25. okt. 2016 11:59

Bildeserie:

Eivind Sverdrup frå DNB og far i klassen hadde med seg 28 iPad-ar til 7A på Lunde barneskule (foto: AH)
Eivind Sverdrup frå DNB og far i klassen hadde med seg 28 iPad-ar til 7A på Lunde barneskule (foto: AH)
I grupper blei det raskt konkurranse då Eivind inviterte til spørjekonkurranse (foto: AH)
I grupper blei det raskt konkurranse då Eivind inviterte til spørjekonkurranse (foto: AH)
1 av 2
Eivind Sverdrup frå DNB og far i klassen hadde med seg 28 iPad-ar til 7A på Lunde barneskule (foto: AH)
I grupper blei det raskt konkurranse då Eivind inviterte til spørjekonkurranse (foto: AH)

Eivind Sverdrup er far til ei i 7A på Lunde barneskule og jobbar til dagen som utredar i DnB.

– Det heile var ei intern konkurranse på jobben kor ansatte var med i loddtrekning om eit klassesett med 28 iPad-ar til ei skuleklasse som ville nytte seg av undervisningsopplegget «Lærepenger».

– Eg sende invitasjonen til Kristine (Olsen Samdal, klassestyrar journ.mrk) og dei hadde lyst å vera med. Dei visst ikkje då at det låg moglegheiten for iPad-ar i andre enden, fortel Sverdrup før utdeling og skulestart tysdag morgon.

800 skular deltok

Vel inne i klasserommet fortel Sverdrup at dei hadde vunne klassesettet.

– Det har vore med heile 800 skular over heile landet som har tatt i bruk «Lærepenger», av alle desse klassene er de trekt ut til å få klassesettet med 28 iPad 2 Air. Kvar av dei koster over 4000 kroner, så de er heldige, smilte Sverdrup då han delte ut gåva.

Eit raskt mattestykke, rekna i hovudet (!), synte at gåva var verd minst 112 000 kroner.

Til fri bruk

Frå DNB er det inga knytninger eller krav til bruk for å få gåva.

– De kan bruke den akkurat som de har lyst til. Det er ein masse app-ar de kan lasta ned og som eg trur de kan ha god nytte av i undervisninga, men først må vi levere nettbretta inn til kommunen slik at dei kan få dei kobla opp på nettverket på skulen. Eg snakka med dataansvarleg i dag, og forhåpentlegvis vil dei vera klare kanskje allereie i løpet av denne veka, forklarte Sverdrup før seks av nettbretta blei delt ut og elevane kobla seg opp via ein mobiltelefon for ei lita spørjekonkurranse via kakoot.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.