Lokal | 17. aug. 2016

Fekk klager på vannscooterar

Politiet henstiller vannscooter-køyrarar til å følgje regelverket.

Fekk klager på vannscooterar
Politiet fekk tysdag fleire klager på for høg hastigheit nær land frå vannscooterar (ill.foto: KVB)
Andris Hamreonsdag 17. aug. 2016 07:23

Med sola som titta fram tysdag ettermiddag kom òg eit yrande liv på sjøen.

– I det store og heile har det vore roleg, men vi har fått eindel telefonar kor innringerane har klaga på uvettig køyring med vannscooter, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Dette gjeld spesielt i områda Os sentrum, Halhjem og Skeisosen.

– Meldarane fortel om for høg fart nær land og at dei ikkje overheld 400 meters regelen. Vi vil henstilla til førarane at dei følgjer regelverket, avslutter politioverbetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.