Fekk Kvile til å smile
Os er i Tyrkia med tre lag. I dag spelte både A-laget og B-laget kamp.
Bildeserie:
Laurdag reiste Os Fotball til Side i Tyrkia med tre lag; A-laget, Os 2 og damelaget.
– Vi bur samla på eit kjempefint hotell og har gode treningsforhold og strålande vêr. Måndag regna det litt, så då var banane litt dårlege òg, men elles har alt gått veldig bra, synest hovudtrenar for A-laget, Karl Kvile.
– Det er ekstra kjekt med tre lag på same stad, og spelarane har det sosialt på kveldane med quiz og andre spel.
Møtte Ukrainsk lag frå nivå 2
Torsdag formiddag spelte A-laget treningskamp. Kampen gjekk mot FC Arsenal-Kyiv.
– Laget speler på nest øvste nivå i Ukraina. Øvste nivå i Ukraina er rangert som den 8. beste ligaen i Europa.
– Dei spelte ikkje med sin beste start-ellevar, men det er A-laget dei er på tur med, så sjølv om utfordrarane fekk prøva seg så var det ikkje eit andrelag vi møtte, og det merkte vi fort.
Kvile skildrar motstandarane som godt skulerte og veldig atletiske - tilsvarande eit lag frå toppen av norsk 2. divisjon eller betre.
Svært nøgd med prestasjonen til Os
Os tapte 0-2, men hadde både skot i tverrligger og skot som blei redda på strek.
– Måla som kom imot var i grunnen etter to uhell, eitt der keeper ville klarera ved å heada, men missa, eitt der ein forsvarsspelar glei.
– Første omgang var jamn, i den andre synest eg vi var best. Gutane overraska meg verkeleg positivt, dei låg kompakt og dei klarte å takla tempoet bra.
Os frå start: Anders Fossen Lunde - Torkel Hjertnes (vb), Divaldo Cardoso, Aleksander Dale (hb) - Harry Moore (vk), Torgeir Lunde, Marius Mikkelsen, Endre Brenne (hk) - Frode Storebø (vi), Alexander Tøssebro (hi) - Christoffer Hafsås.
Innbytarar med speletid: Sander Kvittingen, Anders Havsgård, Fabian Bødtker, Steffen Kvamsdal, Simon Søvik og Martin Eidsvik.
Rafael Villén og Mats Cato Moldskred er blant dei som ikkje er med på treningsleiren. Øystein Takle Eide var sjuk og Steffen Ljosheim var skadd.
Os 2 spelte 0-0
– Vi mangla litt spelarar til kampen, og kunne ikkje ta frå Os 2, som hadde kamp sjølv i ettermiddag. Men Martin Eidsvik steppa inn før han skulle leia andrelaget.
Os 2 spelte 0-0 mot eit akademi frå Romania.
Damelaget skal spela treningskamp fredag, den går mot NTG Kongsvinger.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.