Frode Haugan med månefisken han fekk ved Skorpo (privat foto)

Fekk månefisk i garnet

Den kan bli 3,5 meter og 2,3 tonn. I natt hamna den i garnet til Jonathan og Frode Haugan.

Av: Andris Hamre Søndag, januar 1, 2012 - 21:50

Frode og sonen Jonathan (11) frå Askvik er ivrige hobbyfiskarar. Dei få dagane rundt jul og nyttår det ikkje har vore for mykje vind så har garna vore i sjøen, og første nyttårsdag var det ut til Skorpo for å dra.

– Vi såg at det verken var breiflabb eller kveite, ei stund trudde vi det var ei stor rognkjeks, fortel Frode om dagens rare og store fangst.

Det viste seg at det var ein månefisk, ein fisk som vanlegvis blir over eitt tonn og kan bli opptil 3,5 meter og 2,3 tonn tung.

– Fisken var levande, så vi ringte Akvariet i Bergen for å høyra om dei ville ha den. Først bad dei oss halda den levande til i morgon, men så ringte dei opp igjen og sa at dei ikkje kom til å ha plass til den då den vaks til.

Månefisken er framleis levande og sonen Jonathan er ivrig etter å stoppa den ut.

– Han har spurt i heile dag om ikkje vi kan ringa Helge Haukeland, men eg har sagt at den heller kan få sleppa fri.

Haugan veit at enkelte ser på månefisk som delikatesse, men har ikkje tenkt å ha den til middag.

– Nei, det tar eg ikkje sjansen på. I morgon etter jobb slepp vi den ut i sjøen igjen.

Les meir om månefisk på Wikipedia

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Jonathan var med far og drog garn første nyttårsdag (privat foto)

Jonathan var med far og drog garn første nyttårsdag (privat foto)