Lokal | 26. mars 2015

Fekk melding om grasbrann

Brannvesenet fekk melding om grasbrann på Liafjellet. Viste seg å vera ein kontrollert avsviing av mark.

Fekk melding om grasbrann
Grunneigaren hadde kontroll over det gamle graset han skulle svi av (foto: Kari Marie Lyssand)
Andris Hamretorsdag 26. mars 2015 14:23

Klokka 14.23 fekk Midtsiden tips frå ein lesar på Haugland at det brann på Liafjellet like ovanfor Tuen og at det skulle ryka mykje.

Brannvesenet fekk den same meldinga og rykte ut til staden.

– Det var ein grunneigar som dreiv og brann gamalt gras.

– Han meinte han hadde kontroll, men fekk beskjed om å brenna eit mindre område om gangen, då han ikkje kunne sjå begge endane av det han heldt på med, fortel Terje Håvardstun i Os brannvesen.

Brannvesenet returnerte til stasjonen etter å ha snakka med grunneigaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.