Lokal | 21. juli 2014

Fekk melding om innbrot

Politiet rykte ut på melding om pågåande innbrot på Os barneskule søndag.

Fekk melding om innbrot
Os barneskule. (Arkivfoto: Midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. juli 2014 07:27

Søndag klokka 20.15 fekk politiet melding om innbrot på Os barneskule.

– To ungdomar var observert inne på skulen. Dei to skal ha stukke av på ein gul sykkel før vi kom fram, seier konstituert lensmann, Audun Hadler-Olsen.

Då patruljen kom til staden fann dei ingen teikn til innbrot.

– Dører og vindauge var like heile. Vi varsla vaktmeister og Securitas, så dei kunne sjekka saka nærmare, men vi har ikkje registrert noko tilbakemelding frå dei etter det.

Skadd rev på Søre Neset

Dei siste dagane er det observert ein del rev i Os og frå Auredalen har politiet fått melding om at det går ein skadd rev rundt i nabolaget.

– Viltkontakt er varsla og vil gjera søk etter reven, som skal vera skadd i ein fot.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.