Karl Kvile seier han ikkje har sett Os så dårleg i oppkøyringa som dei leverte i første omgang av serieopninga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Ein pinleg start

Os hamna under 3-0 for Fyllingsdalen 2 og reiser tomhendte heim frå debuten i 4. divisjon.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os starta i dag serien, sin første nokosinne i 4. divisjon, med bortekamp mot Fyllingsdalen 2.

Fyllingsdalen 2 kom på 5. plass i 4. divisjon i fjor.

Os hamna under og klarte ikkje å henta seg inn igjen.

Fyllingsdalen 2 - Os 3-2 (2-0)
Os: Anders Fossen Lunde - Alexander Dale (Vegard Strønen Skeie), Divaldo Cardoso, Torkel Hjertnes (Håkon Kvittingen)- Alexander Tøssebro, Øystein Takle Eide (Henry Moore), Marius Mikkelsen, Rafael Villén, Torgeir Lunde (Sander Kvittingen), Martin Eidsvik (Fabian Bødtker) - Mats Cato Moldskred.

Mats Cato Moldskred skaut rett utanfor i 14. minutt, tre minutt seinare sette Fyllingsdalen 2 inn 1-0 på dødball.

Etter seks minutt auka heimelaget til 2-0.

«Slapp av, osinger, Os har spelt for det meste på FKF sin banehalvdel, men FKF har vore dødeleg effektive på kontringane. Vi har fortsatt stor tru på siger» skreiv Os-supportar Tore Kleppe på Hordalandsfotball sin målservice på Facebook i pausen.

Rundt 40 osingar tok turen til Varden for å sjå kampen.

– Det klart svakaste vi har gjort

Trenar Karl Kvile kallar førsteomgangen for pinleg.

– Vi har ballen mykje, men dei har ein spiss som spring rundt med oss, og vi heng ikkje saman, fortviler Os-trenaren.

– Folk roper om opprykk, men ingenting kjem av seg sjølv. Det er ein grunn til at ein kan rekna seg fram til at det er 20 prosent sjanse for opprykk sesongen etter nedrykk.

Samtidig synest Kvile at Fyllingsdalen gjer ein god jobb før pause.

Ti hakk betre i 2. omgang

To minutt etter pausen auka FKF 2 til heile 3-0.

Os reduserte til 3-1 ved Sander F. Kvittingen og til 3-2 ved Marius Mikkelsen i 52. minutt.

– Os trykker skikkeleg på, tempoet har auka, oppdaterte Odd Løvset frå Hordalandsfotball frå kampen.

Rafael Villén brenner ein stor sjanse to minutt seinare. Men kampen enda 3-2.  

Kvile meiner Os er «ti hakk betre» enn Fyllingsdalen 2 i andre omgang.

– Dei bruker alle triks i boka, som å løpa etter ein ball som er 50 meter vekke, i staden for å ta den som ligg ved mål. Men det er ikkje der vi taper kampen, altså. Det er vi som må vakna, alvoret er i gang.

Os-kaptein Marius Mikkelsen synest kampen er ein tankevekkar.

– Eg merkte at vi spelte med høge skuldre i starten. Då blei det ikkje betre av to litt enkle mål imot. Vi byrja å få til spelet vårt før pause, og heldt fram i andre omgang, men samla sett blei dette ein veldig skuffande kamp.

Os speler sesongens første heimekamp mot Lyngbø førstkomande laurdag (frå kl 15).

Lyngbø starta sesongen med å slå Vestsiden-Askøy 4-0 i helga som var.

Terminliste og tabell

Onsdag om ei god veke er det tid for første NM-runde. Den går mot Åsane.