Lokal | 11. juli 2017

Fekk nytt nei

Catten klaga på at dei ikkje får permanent uteservering og at det er forskjellshandsaming i høve dei andre uteplassane. Kommunen er ikkje einig.

Fekk nytt nei
Catten ønskjer uteservering til høgre for inngangsdøra. Det seier kommunen nei til (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 11. juli 2017 10:43

Som Midtsiden skreiv 3. juli har Catten (driftsselskapet Irish Cat AS) fått avslag på søknaden om permanent uteservering. Drivar, Bjarte Andersen, forsto lite av argumentasjonen frå kommunen og meinte dei dreiv forskjellsbehandling.

– Vi ligg jo midt i løypa mellom Havnechefen, Hannes, Engeline og Isushi. Kva er forskjellen på oss og dei andre, som får lov til å skjenka ute til klokka 01. Vi ligg jo i same området alle saman, sa Andersen då vi omtala saka sist.

Ikkje usakleg forskjellsbehandling

Kommunen har i eit brev datert 6. juli svara på Andersen si klage.

– Det går fram av klagen at Irish Cat meiner at avslag på søknad om uteservering strid med likhetsprinsippet, og det vises i denne samanheng til at fleire andre skjenkestader har fått innvilga uteservering i Os.

– Det følgjer av alkohollova §1-7a og Os kommune sine interne retningsliner for sals – og skjenkeløyve, at kommunen har adgang til å utøve skjønn ved tildeling av skjenkeløyve. I denne skjønnsmessige vurderinga vil likhetsprinsippet vera et overordna og sentralt prinsipp. Det går likevel eit skille mellom kva som anses å vera usakleg forskjellsbehandling og sakleg forskjellsbehandling. Administrasjonen meiner at det ikkje har skjedd usakleg forskjellsbehandling i denne saka.

– Irish Cat skriv i sin klage at dei praktiserer nøyaktig det same som dei fleste andre aktørar i Os. Administrasjonen meiner at dette ikkje er heilt riktig. Dei andre skjenkestadene, som nevnes i klagen, har til felles at dei har eit fokus på matservering. Vidare bemerkes det at Irish Cat er den einaste skjenkestaden i Os som driv nattklubb pr. d.d. Irish Cat har fått innvilga nattklubbløyve på bakgrunn av at dei har eit konsept som egner seg for dette, med fokus på musikk og dans. Dette innebærer at dei har ein fordel overfor dei andre skjenkestadene, ved at dei får ha åpent ein time lenger, heiter det i brevet frå kommunen.

Vil vera til sjenase for Orion

Orion restaurant i etasjen under Catten fekk tidlegare i sommar løyve til uteservering for to bord med to stolar på kvart bord.

– Irish Cat skriv i klagen at dei ikkje kan se at det er ein ulempe for Orion Restaurant at Irish Cat får permanent uteservering på motsatt side av inngangen til Orion. Det omsøkte utearealet ligg rett føre vindauga til Orion Restaurant sine lokale i første etasje, og dei har spisebord ved desse vindauga. Administrasjonen meiner derfor at det er klart at det ville vore til sjenanse for Orion om søknaden blei innvilga som omsøkt.

Adminstrasjonen opprettheld avslaget på søknaden og viser til at Irish Cat AS kan klaga til klagenemnda innan 20. august om ein ønskjer saka sendt vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.