Lokal | 12. nov. 2014

Fekk prøva seg

Sindre (15) fekk prøva seg som lege då han vitja utdanningsmessa på Nore Neset onsdag.

Fekk prøva seg
Overlege Ågedal syner Sindre Moen frå Fusa ungdomsskule korleis sy eit sår (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 12. nov. 2014 12:22

Bildeserie:

Fleire videregåande skuler er representert for å rekruttera elevar (foto: AH)
Fleire videregåande skuler er representert for å rekruttera elevar (foto: AH)
Omlag 1500 elevar er venta innom messa (foto: Andris Hamre)
Omlag 1500 elevar er venta innom messa (foto: Andris Hamre)
1 av 2
Fleire videregåande skuler er representert for å rekruttera elevar (foto: AH)
Omlag 1500 elevar er venta innom messa (foto: Andris Hamre)

Onsdag og torsdag denne veka arrangerast Bjørnefjorden utdanningsmesse for andre gongen i Nore Neset Aktivitetshus. Bak messa står Os Lions Club, som i år har fått med seg rekordmange deltakarar.

– Vi er omlag seksti utstillarar, nokre har kome til og nokre har falt frå sidan programmet gjekk i trykken.

– I løpet av dei to dagane ventar vi opp mot 1500 elevar innom messa, fortel messesjef Thorleif Eikeland.

Hadde sydd, fekk sy

Ein av utstillarane er Kysthospitalet i Hagavik på jakt etter nye helsearbeidarar. Ein av dei som stoppa opp ved standen var 15 år gamle Sindre Moen frå Fusa ungdomsskule.

– Eg har sjølv blitt sydd ein gong, så no hadde eg lyst til å prøva sjølv korleis dei gjer det.

– Det var ikkje berre lett, smiler ungguten, då stinget er på plass og tråden kutta.

– Er lege noko du har lyst til å bli?

– Nei, eg trur ikkje det er noko for meg. Eg er nok meir praktisk anlagt og vil jobba ute, fortel Moen.

Er optimistisk

Overlege Ågedal, som synar elevane korleis det skal gjerast er optimistisk i høve rekrutteringa til bransjen.

– Vi ser rekrutteringa til legeyrket er god, og er optimistiske til framtida.

– Vi ser at det er mange fleire norske legar i dag, enn det var berre for nokre år sidan, då vi måtte henta inn kompetansen frå utlandet.

– Men det ligg nokre utfordringar der, mellomanna korleis politikarane prioriterar ressursane.

– Der skortar det mykje, slår overlegen fast.

Messa held fram utover onsdagen med ope hus for alle interesserte frå klokka 17 og foredraget "Ungdom og Rus" ved politibetjent Anne Lyssand frå Os lensmannskontor klokka 19.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.