Traileren hamna utfor ved Rolls Royce på Ulven. Sjåføren fekk bilen laus, men så kom politiet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fekk saftig forelegg

Den polske trailersjåføren som i går hamna utfor på sommardekk kjører ikkje ustraffa vidare.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, januar 24, 2012 - 21:04

Måndag kveld kjørte ein trailer i grøfta ved parkeringsplassen til Rolls Royce på Ulven.

Sjåføren fekk bilen laus igjen, men så kom politiet.

– Han blei meldt for kjøring på sommardekk og fekk kjøreforbod fram til han anten hadde betre dekk eller til føret blei betre, fortalte politibetjent Kenneth Rastad til Midtsiden måndag kveld.

I dag har juristen vurdert saka og gjeve den polske sjåføren eit forelegg på 11.000 kroner.

– Sidan føret var betre i dag kunne vi ikkje tvinga han til å skifta dekk, men vi ville ikkje sleppa han avgarde før forelegget var betalt, seier Rastad tysdag.

Men føraren betalte kontant og kjørte frå staden.

– No får vi håpa han tar på kjettingar om han møter meir vinterføre der han skal.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11