Sport | 09. des. 2013

Fekk sitt første tap

Det blei som venta tøft då Søre Neset møtte BSI 2. – Vi tapte 1-3, men er samstundes det første laget som har tatt eit sett frå BSI 2 i år, fortel Morten Erikssen.

Fekk sitt første tap
Søre Neset-jentene måtte innsjå at BSI 2 blei for sterke. Her i kampen mot Risnes (foto: Wim Hetland)
Andris Hamremandag 09. des. 2013 11:57

Før sundagens kamp mot BSI sto Søre Neset uten tap i damene sin 3. divisjon i volleyball. Trenar Morten Erikssen visste at dei kom til å møta eit særs godt lag, som ikkje hadde tapt eit einaste sett så langt i sesongen.

– Det blei tøft, men vi klarte å ta eitt sett, og det skal vi vera veldig nøgde med, fortel Erikssen, som sjølv måtte stå over kampen grunna sjukdom.

– Vi stilte eit lit svekka mannskap, i og med at vi ikkje hadde med oss mellomanna kaptein Karina Nilsen. Ho er viktig for oss og ein leiartype, fortel Erikssen.

Ueinige med dommaren

I Nilsen sitt fravær steppa Birte Vevatne inn som kaptein.

– Eg tykkjer vi spelte ganske bra dei tre første setta.

– Diverre var det ei dommeravgjersle i fjerde settet som fleire av oss hang seg for mykje opp i.

– Det gjorde av vi kom 5 poeng bak og det greidde vi ikkje å ta inn att, fortel Vevatne.

– Veit kva vi må øva på

Kampen var prega av lange ballvekslingar og ein teknisk god motstandar.

– Vi blei etterkvart litt for slitne.

– Samstundes var det utruleg lærerikt å møta eit så godt lag.

– Vi veit no kva vi må øva meir på, seier Vevatne og nemnar dipping og meir kraft i slaga som to eksempler.

BSI 2 - Søre Neset 3-1
(25-19, 14-25, 25-18, 25-13)

Søre Neset ligg etter sundagens kamp på tredje plass bak Nyborg 2 og BSI 2.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.