Lokal | 16. apr. 2017

Fekk stå i fred i fem år

Nokon har brukt påsken på å gjera hærverk i Mobergsvikjo.

Fekk stå i fred i fem år
Sånn såg det ut på grillplassen i Mobergsvikjo første påskedag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. apr. 2017 20:35

To benkar ved grillplassen i friluftsområdet Mobergsvikjo har fått gjennomgå denne påskehelga.

– Bilda er tatt i dag. Eg veit ikkje kor tid dette er utført, men det ser ikkje fint ut, seier turgåaren som har sendt bilde til Midtsiden-redaksjonen.

Det er Bergen og omland friluftsråd (BOF) som held området ved like. Det er uvisst om BOF er merksam på hærverket, eller om det er meldt til politiet.

Mobergsvikjo blei rusta opp av Os Sjøfront-utbyggar Storbergen Boligbyggelag, no OBOS, gjennom vinteren og våren 2012.

• Sjå før- og etterbilde av Vikjo: Rulla'n heilt ut

Året før blei det starta eit koordinert sankthansaftan-arrangement i Vikjo, som har blitt eit årleg opplegg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.