Lokal | 23. sep. 2014

Fekk steinleggarar på døra

Engelske steinleggarar er tilbake i Os, og politiet oppmodar publikum om å ikkje nytta seg av tenestene deira.

Fekk steinleggarar på døra
Ill.foto KVB
Kari M. Lyssandtirsdag 23. sep. 2014 07:35

Måndag fekk politiet to meldingar om engelske steinleggjarar som hadde vore rundt i bygda for å tilby tenestene sine.

– I 15- tida var dei på Halhjem, medan vi fekk melding frå Kuven-området på kvelden om at dei hadde vore der, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Dei engelske arbeidarane tilbydde steinarbeid, og jobben skulle gjerast svart.

I mai 2013 slo politiet, Skatt Vest og Arbeidstilsynet til mot utanlandske steinleggjarar på Kuventræ.

– Vi vil gjera publikum oppmerksan på at dei er tilbake i bygda, og oppmoda om å ikkje ta i mot tilbudet deira, seier Hadler-Olsen.

Her er noko av det du bør hugsa på om du kjøper av firma du ikkje kjenner:

• Søk opp firma og sjekk at dei er i mva-registeret.

• Få skriftleg tilbod og kontrakt.

• Betal via bank.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.