Kultur | 17. juni 2017

Fekk tilbake den tapte timen

– Det gjekk raskare enn vi hadde trudd, seier Monica Lyssand om behandlinga av utvida skjenking.

Fekk tilbake den tapte timen
Monica Lyssand hos Engeline gler seg over rask behandling på rådhuset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. juni 2017 08:23

Då dei nye drivarane av Engeline søkte om skjenkeløyve, etter å ha skjenka på førre drivar sitt løyve i starten, skjedde det ein glipp frå søkjar si side.

Dei hadde skjenking til 2 om natta frå før, men søkte til 1 og fekk dette innvilga.

– Vi har hatt tre helger der vi har mista denne siste timen, og trudde vi måtte venta til 23. juni med å få svar på søknad om endring, seier medeigar Monica Lyssand.

Gleda var derfor stor då dei denne veka fekk positivt svar på søknaden om endra løyve.

Tre av sju

– No kan vi servera til klokka 2 og halda ope til 2.30 sju dagar i veka!

– Den siste timen er viktig for oss. Folk kjem ofte tidleg, torsdag hadde vi bra med folk heile dagen og samanhengande utover ettermiddag og kveld. Men det aukar ofte på rundt midnatt. Då er det ikkje kjekt å stenga serveringa ein liten time etter at gjestane har kome.

Det er berre tre kveldar i veka at Engeline vil skjenka til klokka 2, dei har likevel søkt om utvida skjenking alle dagar i veka.

– Det er for å unngå å måtta stenga tidleg på første juledag, onsdag før skjærtorsdag og liknande dagar, slik fleire andre utestadar nyleg fekk utfordring med, fortel Monica.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.