Sport | 07. des. 2017

Fekk tillit mot Tsjekkia

Emilie Christensen reiste seg mot Tsjekkia då Noreg vann 34-16.

Fekk tillit mot Tsjekkia
Emilie Christensen skåra sitt andre VM-mål då ho fekk ein omgang mot Tsjekkia torsdag kveld (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 07. des. 2017 20:57

Kampen mot Tsjekkia blei på førehand vurdert som ein litt skummel kamp.

– Vi må vera konsentrerte, kommenterte landslagstrenar Thorir Hergeirsson før kampen.

Og konsentrerte var det norske laget då dei entra banen. Dei feide rett og slett Tsjekkia av banen og gjekk til pause med 20-7 leiing etter ein strålande omgang, kor gjestane ikkje skåra på ti samanhengande minutt midtvegs i omgangen.

Kom inn i pause

Emilie Christensen kom inn i pausa for landslagskaptein, og ho som blei kåra til Noreg sin beste spelar, Stine Bredal Oftedal, og fekk mykje tillit frå landslagssjefen.

– Emilie var misfornøgd med eigen innsats mot Polen og tok til tårene. Ho har fått hjelp etter det. Det er litt Alf Prøysen, "med blanke ark og fargestifter tel", kommenterte TV 2-kommentator Harald Bredeli då Emilie kom inn.

Skåra sitt andre

Praten med støtteapparatet hadde tydeleg hjelpt Emilie. Etter snaut fire minutt finta ho venstre/høgre og braut gjennom midtforsvaret og satte ballen sikkert i mål.

– Strålende utført, jubla Bredeli, som vidare i omgangen gav Emilie skryt for god styring av det norske angrepsspelet.

– Strålende fordeling av ballar av Christensen, meinte Bredeli.

Tv 2 sin ekspertkommentator Bent Svele var òg nøgd med Emilie og forsvarsspelet.

– Det er eit godt samarbeid mellom keeper og forsvar. Sjå korleis Christensen står der. Ho dekker det eine hjørnet, slik at Kari Aalvik Grimsbø berre kan plukke skotet, kommenterte Svele etter åtte minutt.

Inn i midtforsvaret

Etter 13 minutt i omgangen tok Thorir Hergeirsson timeout og gjorde nye rokeringar i laget.

– Emilie går inn som treer i forsvaret saman med Vilde Ingstad. Sørg for god kommunikasjon, var ordren frå landslagssjefen til Christensen og Ingstad.

Han lot førsteseksaren få kvile og køyrde med Amanda Kurtovic, Emilie Christensen og Helene Gigstad Fauske som backrekke halvvegs i omgangen.

Sleit bakover

Det norske laget sleit utover i omgangen litt meir bakover i forsvar som følge av nye konstellasjoner i forsvaret.

– Det blir for store avstander. De må snakke, snakke, snakke, påpeika Hergeirsson i ein ny timeout.

Utover i omgangen viste Christensen kva som bur i ho, mellomanna med innspel til Heidi Løke i strek. Eit innspel dei som har gått i Oshallen opp gjennom åra har sett før frå den kanten.

– Eg tykkjer dei unge viser seg fram og står godt. Dei tør stå i det, oppsummerte Hergeirsson til TV 2 etter kampen.

No venter puljefinale mot Sverige i morgon klokka 2030. Kampen blir sendt på TV 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.