Lokal | 07. des. 2017

Fekk tre prikkar etter forbikøyring

Politi i sivil stoppa bilist som kryssa sperrelinjer.

Fekk tre prikkar etter forbikøyring
Ein av bilistane politiet stoppa på Byvegen i går. Det er uvisst om dette er den same som køyrde forbi Kystbussen og blei straffa. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. des. 2017 08:35

Onsdag i 22-tida stoppa politiet ein bilist etter ei forbikøyring på Byvegen ved Kiwi.

– Bilen kryssa sperrelinjene då den køyrde forbi Kystbussen, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Bilførar fekk forelegg på 4.100 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Lastebil mista steinar

I 15.30-tida i går fekk politiet melding om lastebil som mista steinar.

– Dette var på fylkesveg 137 mellom Lønningsdal og Hegglandsdalen barneskule.

– Det låg små og større steinar i vegbanen, men lastebilen fann vi ikkje.

Kontrollerte 100 bilar på E39

Tidlegare på dagen, frå klokka 13 til 15, hadde politiet trafikkontroll på E39 ved Storestraumen og Hjellemarka.

I alt 100 bilar blei kontrollert, éin av dei blei avskilta grunna tekniske manglar. Feil på lys og delvis knust frontrute var årsaka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.