Ferdamann kjem til Nore Neset lille nyttårsaften (pressefoto)

Ferdamann til nyttårsfest

Ferdamann er klare for Lille nyttårsaften-festen på Nore Neset.

Av: Andris Hamre

I september fortalte Osfest/Os Live at Gunslingers blir hovudnavnet når dei inviterer til Lille Nyttårsaften-fest i Nore Neset Aktivitetshus. http://www.midtsiden.no/gunslingers-til-nore-neset

No er det andre bandet klart.

– Ferdamann blir band nummer to, fortel Tor Egil Hylland i ei pressemelding.

Godt sal

Konsertane startar klokka 21 og held på til klokka 02 natt til nyttårsaften.

– Det blir tre band. Ferdamann, Gunslingers og eitt band til, som vi kjem til å sleppa i november. Billettsalet så langt har vore bra, så det er ingen grunn til å venta med å sikre seg billett, seier Hylland.

Ferdamann

Ferdamann blei starta i 2001 av tekstforfatter og låtskriver Knut Gunnarson Haugland. Første album kom i 2005. «Dagane» som blei spelt mykje på radiokanaler rundt om i Norge.

Besetningen i bandet blei skifta ut etterkvart og dagens Ferdamann består av Knut Gunnarson Haugland, Jan Gunnar Rosseland på gitar, Frode Andreassen på trommer og Jostein Fonnes på Bass. I 2015 gav dei ut album nummer to «Ferdamann».

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Vi ser bra ut

20. oktober 2017

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

bilde-midtsiden

Kritiserte sakshandsaminga

20. oktober 2017

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

bilde-midtsiden

Gapahuken er ferdig møblert

20. oktober 2017

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

bilde-midtsiden

Krev omkamp på Hjelle

20. oktober 2017

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

bilde-midtsiden

Å passera tøffe hinder

20. oktober 2017

Lanserte CRUX på Vindfanget: Det er ei meining bak det nye namnet til Kirkens Sosialtjeneste.