Lokal | 13. sep. 2014

Ferjekø og kollisjon

Politiet: Lang kø førte til fleire problem på Halhjem fredag, dyr i vegen førte til kollisjon ved Ulvenskiftet.

Ferjekø og kollisjon
I dette området er det ofte hjort. I går kveld svingte ein drosjesjåfør av vegen for å unngå å krasja med eit dyr. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. sep. 2014 07:04

Fredag ettermiddag fekk politiet fleire meldingar om lang kø på Halhjemsvegen.

– Køen sto til Lepsøykrysset på det verste. Vi rykte ut og det viste seg å vera fleire problem på ferjekaien, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

Om det skuldast køen eller ikkje, bilar som sperra for ladepunkt gjorde at det sto fire elbilar nærmast tom for straum, som ikkje kom seg inn til påfyll. Elbilane førte til at tankbil med gass ikkje kom seg inn for å fylla tanken til ferjene.

– Ferjekøen skal ha skuldast auka trafikk grunna tre større arrangement i Sunnhordland, blant anna innan hest og handball. Då det var kø var det fleire ferjer som reiste utan å vera full, folk som skulle til Tysnes kom seg ikkje ned på kaien før ferja var gått.

– Vi gav billettørane ordre om å sleppa bilane forbi billettlukene og ned på kaien. Då blei det fort betre.

– Er ikkje dette noko ferjeselskapene skal klara å koma på sjølv?

– Eg veit ikkje kva rutinar dei har, men i går kunne dei nok tatt tak i tidlegare.

Svingte unna dyr - punkterte på to hjul

I 22.40-tida var det eit trafikkuhell på E39 Byvegen mellom Uno X og Ulvenskiftet.

Ein drosje hadde svingt av vegen og kollidert i ein fortauskant eller liknande.

– Sjåføren skal ha forklart at han svingte unne eit dyr som var i vegen. Bilen punkterte begge framhjula og airbag var utløyst, men førar var uskadd.

Bilen blei taua vekk litt over klokka 23.

Utan førarkort på trimma moped

Litt nord for Os sentrum blei det rett over midnatt stoppa ein mopedist på Byvegen.

– Mopedisten hadde ikkje førarkort. Vi mistenker dessutan mopeden for å vera trimma, så den blei avskilta.

Førar, som er fødd i 1997, blei kjørt heim til foreldra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.