Kultur | 19. juli 2014

Festivalcamp ved Ulvenvatnet

Kvar skal Osfest-gjestar på camp og korleis er kapasiteten på hotella i Os?

Festivalcamp ved Ulvenvatnet
Her ved Ulvenvatnet har bonden Erlend Moberg laga til plass for bubilar og campingvogner. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. juli 2014 07:10

Bildeserie:

Moberg sin bubilcamp til Osfest. (Foto: KVB)
Moberg sin bubilcamp til Osfest. (Foto: KVB)
Inger Botnevik på Kuven Farm Camping tar imot folk i telt og hytter.  (Foto: KVB)
Inger Botnevik på Kuven Farm Camping tar imot folk i telt og hytter. (Foto: KVB)
Solstrand har 135 rom, og nokre ledige til Osfest.  (Foto: KVB)
Solstrand har 135 rom, og nokre ledige til Osfest. (Foto: KVB)
1 av 3
Moberg sin bubilcamp til Osfest. (Foto: KVB)
Inger Botnevik på Kuven Farm Camping tar imot folk i telt og hytter.  (Foto: KVB)
Solstrand har 135 rom, og nokre ledige til Osfest.  (Foto: KVB)

Om to veker er det Osfest og arrangørane fortel om både godt sal og god oppslutnad utanfor Os kommune.

Men korleis er overnattingskapasiteten for dei som ikkje kjem med båt eller ikkje kjem seg heim igjen same natt?

To campingplassar

Osfest har samarbeid med Inger Botnevik frå Kuven Farm Camping, campingplassen mellom Os og Kuventræ som var ny i 2009.

– Vi har hatt svært få gjestar til no denne sesongen, berre to syklistar, mot omtrent to for dagen tidlegare år. Eg veit ikkje om syklistane har funne seg ein ny sti eller om vegarbeidet i Holtbrekka har gjort at dei har gjeve opp å koma til Kuven, seier Inger.

– Men eg ser veldig fram til Osfest. Vi har leigd ut to av tre hytter og slått graset så det er godt med plass til telt. Bubilar og campingvogner viser vi vidare til nabogarden, fortel Inger.

Erlend Moberg på nabogarden, også den kort gåavstand frå Os sentrum, har planert ut nokre masser heilt nede ved Ulvenvatnet.

– Vi har vel plass til 15-20 bubilar eller vogner, men kan utvida ved behov. Det er ingen tømestasjon her, men eg vil setja opp mobile toalett og er i dialog med Osbadet om ein avtale om leige av dusj til gjestane, fortel Erlend.

Ledig på begge hotella

Både Bjørnefjorden Gjestetun og Solstrand Hotel og Bad skal ha Osfest-artistar på overnatting, men har også ledig kapasitet til publikum.

– Vi har 10 rom ledig frå fredag til laurdag og 15 frå laurdag til søndag, fortel Josefine Vågen hos Bjørnefjorden Gjestetun.

Gjestetunet har 31 rom.

Solstrand har 135 rom. Nøyaktig kor mange som er ledige vil ikkje Ingrid Tangerås på Solstrand fortelja, men ho seier det er noko ledig.

– Laurdag til søndag byrjar det å fyllast opp, men vi har framleis noko ledig begge nettene, seier Tangerås på bookingavdelinga på Solstrand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.