Kultur | 23. mai 2016

– Festspillene er kvalitet

Flamenco med Selene Muñoz og kammerkonsert med Annar Follesø og Julie Ye er festspillene i Bergen sitt eksklusive tilbod til osingane.

– Festspillene er kvalitet
Selene Muñoz kjem til Oseana under festspillene i Bergen (pressefoto: Stian Tysnes Mørtsell)
Andris Hamremandag 23. mai 2016 13:15

Onsdag opnar Dronning Sonja og statsminister Erna Solberg Festspillene i Bergen. Som dei fire foregåande åra er Oseana ein av arenaene ein kan oppleve kultur av høg internasjonal klasse.

– Vi har i år to festspel-framsyningar i Oseana. Den internasjonalt annerkjende flamencoartisten Selene Muñoz skal fredag syna utdrag frå to av dei sjølvkoreograferte stykka Ritmout og Wild Blooms i Oseanasalen. Ho blir omtala som nyskapande innan flamencodansen og har blitt utruleg populær i flamencoens heimland, Spania, fortel Berit Steen og Janne Mari Hjelle på Oseana.

Ein av dei framste på Ole Bull

Laurdag er det duka for ein meir tradisjonell kammerkonsert i Griegsamlinga med Annar Follesø på fiolin og Julie Ye på klaver.

– Follesø har vakt internasjonal oppsikt med sine tolkningar av Ole Bull. Mellom anna har han tidlegare urframført verk av han på festspillene i Bergen, fortel Steen.

– Til konserten i Oseana skal han saman med Julie Ye framføra verk av Mendelssohn, Brahms og nettopp Ole Bull, supplerar Hjelle.

Godt sal

Steen og Hjelle fortel om bra billettsal til dei to forestillingane.

– Eg trur osingen liker å gå på festspillene i si eiga heimbygd og sleppa å reise til Bergen. I tillegg så har festspillene eit kvalitetsstempel ved seg, som gjer at publikum veit at det dei får er bra.

– Osingane veit at med festspillene får dei kvalitet, seier Berit Steen.

– Dei to framsyningane vi skal ha i Oseana blir berre sett opp her, så vil ein ha dei med seg så må ein til Os. Dessuten blir det alltid godt vêr når festspela vitjar Os, smiler Hjelle.

– Kva betyr det for dykk å vera ein festspel-arena?

– Det er stas og eit kvalitetsstempel. For vår del er det òg ei fin avrunding av ein god vårsesong. Samarbeidet starta under den førre festspilldirektøren Per Boye Hansen og har helde fram etter at Anders Beyer tok over. Det at han har vidareført Oseana som ein festspill-arena set vi stor pris på, avsluttar Steen og Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.